Autorisert Sangen i steinen

De var to villingar som var ute og gjekk ein juldagsmorgon. Så hørte de at det song inni ein stein: «Oss er i dag en frelser født». Men då ropa de med ein gong at «han e ikkje fødd før dokker!» og de inne i steinen tok til å gråte.

De to fór til presten for å fortelle om detta. Etterpå var de å stad med kjerkeklokkene og ringte over steinen og sa: «Han e fødd før alle, både over og under jorda!» Det saest at då blei de glad, de som var inne i steinen.

Fortellinga er også slik:

Presten Rosenkilde* var eingong på Andenes for å ha julepreik, og sonen var med. På vegen, attmed ein haug - det kan ha vore Hanshågen de kalte - der hørtest sånn bønn og sang. Då sa prestesonen: «I kom­mer så ikke til himmels allikevel.» Så blei der gråt i haugen. - Men Rosenkilde blei gal på guten.

* Claus W. Rosenkilde, sokneprest i Dverberg 1806-1814.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06