Sankthansaftan
Ein gammel skikk på sankthansaftan var å «elde bort trollan». På Bø var det ei de kalla ho Gammel-Sérena
- visstnok Serine Ingebriktsde fødd på Skogvoll i 1819 og tjenest'jenta hos Nils Persa på Bø i 1865. Ho agerte trollkjerring og skulle prøve å hive de andre på bålet.1)
Ein mann frå Bleik fortel: «Det var berre på sankthansaftan vi brente båtar. Det skulle framfor alt være eit stort bål. Vi raska i hop alt vi kunne finne, av brennbare saker. Var det då ein gammel båt som ikkje flaut, skjéllinga vi i hopen til eit par kroner og kjøpte han. Dessuten samla vi alle gamle - og nye! - tynner vi kunne få tak i. Alt med tjæra på passa vi ekstra godt på å få med. Så stabla vi i ein stor stakke, fylte med lyng og tente på. Det kunne bli stort bål av det!»2)
Også på Andenes var gjengs å lage sankthansbål av tjæratynner, gamle båtar, kassar og ka som for handa bar, - men i sær båtar og tynner då. Mangt eit leverfustasi' gjekk same veien. Den slags var det nøgda av der ute, i sær den tid seifisket med søkkenot var på sitt beste. Den tjærabreidde gamle båten blei frakta oppover til sankthanshågen med like mykje alo og holloi kvert år. Bålet har i seinare år vore på Toften, men «Kónshågen var fast plass for sankthansbålet med eg var småglunt og enda med eg tok til å bli voksen», fortel E. Kaurin: «Eg kan huske at livbåten frå eit seilskip som hadde forlist på Flyndra, Harmonie heitte det, lenge låg omkvelvt utmed fyr-naustet. Men av det at det draup på båten frå taket på fyrnaustet var han blitt råtten. Og mens han gamle With, far til Rikard With, enda var fyrvoktar, fekk vi ungane denne båten hos han då vi fór rundt og skulle ha noke til sankthansbålet. Eg var med og drog denne båten oppover til Kónshågen. Han gamle With hadde den tid ein dreng de kalla Bård; han var så flink til å spelle på fløyta. Han satt i båten og spella mens vi ungane drog den frå fyrnaustet og opp-igjønna!»
Båtbrenning på sankthansaftan var velkjent skikk også på Haugnes og Fiskenes. På Haugnes hadde de gjerna bålet på Hamneberget nedmed Keila, og på Fiskenes på den såkalla Sankthanshågen - eit særskilt berg. Så inngrodd som på Andenes blei like vel skikken aldri. Det kom beintfram av at det slett ikkje alltid «rakk» med båtar.
Det er ellers ein skilnad på jonsokbål i Sør- og Nord-Norge: Sørpå er det skjømt om kveldane, heile sommaren igjønna. Det blir derfor mest stas med eit bål der når flammen er svær, så bålet visest på lang avstand. Nordpå er det ved jonsoktider «dag» døgnet rundt, om det då ikkje er mykje overskya. «Varmelogjen» får dermed mindre å seie - røyken tel meir. Av lyng, men enda meir av tjæra, tang og våt mose blir det mykje røyk, når det berre er elda godt først.
1) Tanken attom denne gamle leiken er nok som denne, i "Midsommersangen" av Holger Drachman (dansk diktar):
"Hvert sogn har sin heks og hver by sine trolde,
Dem vil vi fra livet med glædesblus holde;
Vi vil fred her til lands, sanktehans, sanktehans!"
2) Forfatterinna Alvilde Prydz (norsk) var ein sómmar i 1890-åran på Bleik (Håkon Rydland, Kongsvinger). Såleis er det venta å finne desse linjene i "Gunvor Thorsdatter til Herø" av Alvilde Prydz: «Udover strand og skjær brændte bål. Gamle båder og trantønder gav sig selv hen for den almene glæde. Som røde, tunge flammer vugged de frem og tilbage, løfted sig som ildlblomster op i den fint slørede luft og gik over til et bedre liv».