Autorisert Selvågen - ein fraflytta gard i Malnesfjorden

Reidun Pedersen i Utskor (f. 1907) og Erna Ellingsen i Hovden (f. 1915) er ikkje berre nære slektningar, men har også det til felles at dei budde ein stor del av barndommen i Selvågen. Dette er ukjent land for dei fleste bøfjerdingar i dag, derfor skal vi skaffe oss eit bilete av livet der ved å la dei sjølv føre ordet.

Reidun: Eg kom frå Rise, for far min vart alei­ne, så ungane måtte til kvar sine plassar. Eg kom då til ho tante Lise i Selvågen. Eg var i Selvågen frå eg var 7 år til eg var 15. Då for eg utover til Hov­den, der eg var kokke mens dei bygde der ute. Ho tante som eg hadde vore hos var blitt enke året før, og vart nøydd til å flytte frå Selvågen. Mor hennes Erna skulle då ha det siste barnet, og ho Erna var då blitt såpass gammal at ho både kunne jage krettura til dals og hjelpe til elles.

Erna: Vi budde i Selvågen til eg var 10 år. Vi var tre born i familien, og så ho Reidun som dei fostra opp. I andre enden av huset budde han bestefar og ho bestemor (Ulrik Evensen og Elise). Huset var sånn at der var stue på begge sidene og to kjøken i midten. Foreldra mine var han Bertram og ho Elfrida.

Det var Sandstrand-gods i Selvågen. Det hadde vore skjerping og malmleiting, og der stod ei stor brakke under fjellet. Så leigde dei ut huset. Den store brakka fekk vi kjøpe, for malmleitinga var heilt avblåst, og av den bygde han pappa fjøsen. Huset hadde derimot stått lenge før den tid. Han pappa var berre 5 år då han kom til Selvågen - det blir i 1897. Skjerpinga var det Spigerverket som stod bak.

Reidun: Oppfor stua hadde vi Stuhaugen, mens fjøset stod oppi Grindhaugen. Båtane låg ved Båthaugen og Hanshaugen. Av di der hadde budd to familiar før, hadde vi ein lade attfor Stuhaugen og (der hadde også vore ilfjøs, men han var til ned­falls). Så der henta vi høy om vinteren: Ho tante Lise pakka i sekkane, og eg bar, og det hendte eg vart så lei av kloggane eg hadde på meg at eg spen­na ein kvar veg og rente frå tuv' til tuv' på berrføtene. Ja, det hendte vi hadde høy i naustet og, for dei slo alle stader og drog såman, både i fjellet og myrane. Vi var og under Svartvasshumpen og slo - det var fint fjellgras i Sørlia og Nordlia. Der hadde forresten malmfolket grave ut nesten som eit digert hus: Holet er større enn stua her. Der brukte eg å vere når eg gjette kyrne oppi dalen.

Erna: Det var vanleg gardsbruk. Ho mamma hadde to kyr, ho bestemor to, og så hadde dei geiter og sauer. Kan du tenke deg - Selvågen ligg heilt nedmed fjorden, og ho bestemor hadde 15-20 geiter. Når dei la av garde attover humpane atti fjellet, kunne ho stille seg opp med hendene i sida og kell' på geiten'. Og det målet ho laga:

Hooo - ja kom nu, kom nu, kom nu,

kirr Sebba, å ja kom nu, kom nu Belta,

å ja kom nu, kom nu Siri. . .

og nemnte dei alle på namn. Så kunne dei komme den lange vegen vandrande. Trur du eg stod i lag med ho mange gonger!

Fjøsen var ikkje så stor, derfor hadde dei laden bortpå myra som dei samla høy i, det der ikkje var plass til i sjølve fjøsen. Så når det var vinter, gjekk dei på ski og pakka høyet i snøresekkar og bar heim. Så løypte dei hundrevis av hauv for vinteren og bar åt krettura. Dei bar mola på børtre, for dei hadde lang fjøsveg. Det var om å gjere å ha mange dyr, skulle dei hyre med både mjølk og smør og kjøtt. Dei løypte mola i heimhuset på ein stor, svart omn, i store gryter. Det var i begge kjøkena. I stuene hadde dei mindre og finare omnar, og der  kokte dei folkematen. - Det vart henta anna fór til dyra og. Såleis veit eg det vart skarpare smak av geitmjølka når dei fekk ris.

Hammaren vi ser på biletet heiter Grindhaugen. Ei grind var slik - i fire - at du kunne slå ho sa­man og flytte ho. Det var først og fremst for saue­ne, det eg kan hugse. Det var for å få marka opp­dyrka. Sauene stod der heile natta, men vart slep­pte ut igjen om morgenen. Til kvelds flytta dei så grinda til ein ny flekk. Det var for kvar dag. Det merktest godt likevel, etter 10-15 sauer.

Det var langt mellom huset og fjøsen, og langt var det heile vegen opp mot bakkane. Enda lenger opp låg slåtteliane. Og ho bestemor hadde ikkje berre geiter, men også oksekalvar som dei passa for folk innan av Rise og Eide.

Reidun: Vatn fekk vi frå brynnen attom stua eit stykke. Men om vinteren vart han tørr, og då had­de vi to brynnar i deldene oppå haugen, til fjøsbruk. Elles var det å ta skiene og bere vatn frå elva attom myra. Eg var god å gå på skier, det måtte eg lære meg tidleg. Vi måtte spa opp hol og ause i bøt­tene, og bere på børtre. 14-liters bøtter takk - det var trim!

Vi i Selvågen torva mange plassar, nedfor Josteinen og der det var myrar innimellom haugane. Men folk som kom lenger utan ifrå, dei måtte inn til Grimstad og Bøna og torve, ja heilt til Rottåsen.

Han Bertram laga to torvskjåar, ein på den øvste og ein på den nedste vollen. Ein dag han var roen ute i Hovden og hadde spadd ovan av for å lumpe opp når han kom heim, gjekk vi laus, eg og yngste søster hans Bertram - ho var fem år eldre enn eg.

Ho heitte Julia, og var seinare i Oslo og tente; så reiste ho til Amerika. Ho lumpa og eg trilla, så skar vi løen-lumpen (moselumpen) med ljå og steintorvet med skjerarspade. Då han Bertram kom sliten av sjyen, var vi ferdige med dammen.

Om vinteren pakka eg manggong torvsekkane så at han Bertram skulle ha jula meg opp med dei når eg kom ned. Eg reipa godt om med falt-band vi kalla (fatleband). Men datt eg med dette, var det ikkje lett å komme seg på føtene igjen. Det var å bere heile hausten og vinteren, kvar 14. dag eg var heime av skolen. - Men ikkje nok med det, eg bar «der inne» og, for vi var ein heil peletong som låg hos søskenbarnet mitt på Grimstad: Ho hadde flatseng frå eine veggen til den andre, og der låg det fullt av ungar, - hennes eigne og andre sine. Når vi kom av skolen, fekk vi god middag. Men så var det ut å bere vatn, deretter torv. Der var mange krettur i fjøsen, så vatn skulle der til. Dei hadde ein 150-liters sirupsfustasje til det bruk. Så skulle vi ha vatn inne og. Vi henta frå elva som går tvers gjen­nom garden. Det var på Bøna.

Erna: Eg gjekk òg på skolen på Eide dei første åra, og gjekk fram og til bakers til Selvågen. Men når det var på det styggaste med veret om vinteren, og i mørkaste tida, budde eg hos ho Konstanse på Bø­na.

Det var torva i Heststrandbukta, og oppunder Josteinen. Det bar veldig unna bakken, men dei stappa i strysekken og batt på seg slik ho Reidun fortel, og gjekk heim med den lange, fullstappa sekken, på skier. Eg har mange gonger tenkt på det: At dei kunne greie det -.


Reidun: Når vi skulle gå til Eide og handle, var der mange flate haugar innover. - Men når vi skulle til Nykvågen, var det enten å ta over Brakanskaret, som er lægda oppover mot Trehyrna, eller å gå opp Selvågdalen over Kålhagan. Då kom vi ned i Storhaugen på lag.

Eg torde lite å gå i fjellet i førstninga, dei andre var mykje meir vant til det enn eg. Men det var ikkje spørsmål om vi ville eller ikkje. Så når eg skulle hente kyrne oppi Humpan vi kalla, måtte eg klatre på alle fire. - Og når eg skulle jage krettura til fjells, var det litt av eit liv. Vi hadde nokre halvmarkoksar der, frå Møkland. Dei var bøle, så eg måtte akte meg for å snu ryggen til - sjølv om gei­tene fór ein veg og kyrne ein annan. Det hendte eg måtte berge meg opp på ein stein, mens oksane ren­te rundt og rundt. Dette var i myra nedfor brak­ka etter jernfeltet.

Ein gong minnest eg særleg godt. Eg var vel 11-12 år då, og skulle jage kyrne i marka; eg var kommen over elva som renn ned i Litle-Selvågen og oppå haugane, med 3-4 kyr, ein okse-pøyk og nok­re geiter. Det hadde vore tørke lenge, men tidleg den her morgenen hadde det vore ein forferdeleg regn-eling. Og best som det var, losna den eine skreda før og den andre etter: Eg fekk sjå ein vel­dig vass-sprut som stod ut av fjellet langt oppe, og etter vassflommen kom steinen fykande. Vatn had­de demt seg opp, og fjellet var laust etter tørken. Det ramla og det braka, rett nedover den ryggen der eg skulle jage kyrne. Så eg var glad eg ikkje hadde nådd så langt! Men eg var redd, for det gjekk skreder på alle kantar, også på hi sida fjor­den, både oppfor Buvika og i Gjenden, og det dura overalt. I Brakanskaret gjekk der ei skrede, ei imot Vindhammartinden, og fleire andre. Du kunne tru dommedag var kommen, slik buldra og braka det! Geitene vart redde på grunn av alarmen, så dei fór og gjømte seg under berghamrane borti Brakanskaret, og kyrne vart også ville då skreda la seg over heile dalfoten. - Først stod eg og dividerte kva eg skulle gjere, for eg måtte over elva to gonger, og det greidde eg ikkje så lett som kyrne, no el­va gjekk over av vatn og aur og stein. Men så kom ho Julia, søskenbarnet mitt, og ropa på meg. Då var det greitt, eg for heim, etter kyrne som rente for livet med rumpene til vers. Men geitene vart ve­rande i marka.

Det var no unnatak at gjetinga var så uroleg. Eg veit eg leste mykje mens eg var i Selvågen, alt eg kom over. Når han Bertram kjøpte lesestoff av forskjellige slag, lura eg ifrå han og hadde med meg når eg gjette. Det hendte eg «gjette» på den måten til kyrne stod i landet og åt av potetkålen -. Men då var eg snar om å komme meg om dei.

Erna: Det var så mykje skrømt i Selvågen. Beste­far min - kvar gong han gjekk til Eide og handla, og kom berande frå han Lars Lockert med mjølet og oljespanna og det andre, då trengte han ikkje mat og kaffi: Han hadde vore hos huldra inni Skorsteinen og fått. Det er mellom Selvågen og Litle-Selvågen. Der er ein stein som liksom går tripp-trapp-tresko. Dette fortalde han så livs levande at ungane var nøydd å tru det, ja det såg ut som han trudde det sjølv og.

Reidun: Ja jøye meg for hulder der var, og spøke­ri. Eg var ikkje vant med slikt frå Rise. Der var fullt av ungar, men på den måten var det ein fattigsleg plass!

Der var ein som heitte Per på Engeneset - han budde der inne i gamle dager. Når han kom frå Hovden, sette han opp båten innmed Survikøyra, tok den 100-kilos mjølsekken på ryggen og gav seg i veg. Og folk påstod det var gongferd frå kjerke­gården i Hovden som hjelpte han frå Survikøyra og heile den lange vegen over Grimstad og Eide og Grindbakkan, attover Asterset og Langmoa.

Hulderberget i Selvågen, det var ein plass der ei geit hadde vore i 8 dagar før ho kom fram ein mor-gon. Det er når du kjem over elva i Litle-Selvågen. Då var ho så utsvulten at ... Dette hendte før mi tid, men eg var og undersøkte det berget.

Det er ei kliva i berget, og geita stod vel fast neri til ho var så svang at ho kunne gå ut sjølv.

Ho Marianna, tante hennes Erna, påstod at ho såg huldra. Ho trudde først det var mora som kom med geitene jagande, oppfor Litle-Selvågøya, så ho gav seg til å rope «mamma». Men så bar det nærmare og nærmare kanten av det slette berget oppfor øya, og der vart huldra borte, med geitene sine. Men då må du tru veikja fekk beina på nak­ken, så ho kom seg heim og fekk stengt døra! (Alt dette og meir slikt trudde eg, og dei skremte vettet av meg.)

Så var det ein dag eg hadde vore inne på Eide og handla, først hos den eine handelsmannen og så hos den andre. Eg bar noko i kvar hand, og hadde skier på føtene. Det var å gå ned til botnane og opp igjen på hi sida, fjell og dal utover. Eg hadde starta så seint om ettermiddagen at det var mørkt før eg kom meg til bakers. Det var avberr mark og beke mørkt, og ingen måne på lukta heller. Du verden kor eg streva for å komme meg heim, i den mørkra! Best som det var, plumpa eg til knes i torvdammane, og så var det å sabbe opp igjen, gjennomvåt og aurut og fæl til knes. Best som det var, tok han til å hagle, lyne og tordne. Og som eg var redd for tordna!


Då eg var kommen så langt som til Heststrand-bukta og leita etter stigen på hi sida for at eg ver­ken skulle misse olja eller sirupen - der kom det eit stort lyn og lyste opp vidt omkring: Der får eg sjå eit kvitt spøkels! Då vart eg både redd og sint, så eg sletra ifrå meg både den eine og den andre spanna, og gjekk på. Då var det ein hare - han var redd sjølv, og hadde reist seg på to, med øyra beint til vers. Då den haren fór, vart eg vel lykkeleg, og borte var alt som tynga meg. For eg var alltid redd dei døde.

Kobben, han låg på kvart eit skjer om haustane. Isen la seg utover tanget når sjøen fall, og så låg
kobben på skjera og velta seg så det klaska, og skremte vettet av meg når eg kom ifrå fjorden med
vareranselen og olje- og sirupsspanna. Det var bå­de i Selvågen og frammed Heststranda.
Erna: Han bestefar fanga ein masse kobbe på eit lite skjer tett utfor huset hos oss i Selvågen. Når
kobben gjekk opp og la seg, tok han båten og var å stad og slo han i hel. Det var på våren helst, men
visst utpå hausten og. Han hadde mange kobbeskinn i eit stort naust nedi fjæra. Der var og ein
tjukk stabbe som han sat på når han arbeidde med bruket og anna, kledd med eit prikka, nydeleg
skinn. Han selte skinna, og folk fekk dei garva. Ho mamma var sypie, så ho sydde vestar åt folk. Men
der var også brukt ein del ugarva skinn, f.eks. til kåper.  

Finn Myrvang.

I nærmiljøet blir gardsnamnet praktisk talt alltid uttalt Selvågen, men elles i bygda kan du slumpe til å høyre Selvågan. Dette har si interesse, ettersom det er fleire små vikar der busettinga var, men inga større (anna enn Heststrandbukta). Merk også at erkebisp Aslak Bolts jordbok frå ca. 1440 nemner inntekter «af seluagom i skosøy» (!). Meir om Selvågen finn du i Bø Bygde­bok b. I s. 44, 195, og 285, og b. III s. 156 (sjå også s. 111 og 232.)


Denne artikkelen handler om

Gård

Om innholdet

Kilde:
Reidun Pedersen og Erna Ellingsen
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2009/02/23