Autorisert Sette ned

Det var mange prestar gravlagt på gammelkjerkegården på Dverberg. - Så var det ei tid det gjekk rykta blant folk at der var fleire som hadde sett presten Angell gå igjen, i sort dress og høg flosshatt. Det var f. eks. ein mann som såg at han gjekk frå prestegården og bortover ein gam­mel tverrveg, og hesten hans blei så rasande med det same at -. Ein annen gong såg de han på lembrua på prestegården: Han stod og snakka med lensmann Gansmoe, som og var død før den tid.

Så ein kveld presten Gloppestad sit på kontoret, kjem der ein mann og pikkar på døra, og han ber mannen komme inn. Mannen kjem innfor døra, og presten berre byr han ein stol: Så tar han sjølv på seg tjenestekjolen og kragen, og går med mannen bort på gammelkjerkegården. Det var presten Angell. - Men det saest at folk var ikkje vars han meir, etter den dagen. De kalte det å «sette dem ned».

Det var og ugreia på Skogvoll ein gong, etter ei ulykkelig hending: Folk var borti forskjellig, og enkelte påstod at de såg detta mennesket og. - Det gjekk fortelling om at de såg båtar som det lynte eller lyste etter, når de blei «sett», og visstnok var det bulder og brak samtidig. Likeeins var det noke med ein båt med kvite segl ute på havet, ein båt som ingen kjentest med. - På sluten var der så mykje uro at det måtte folk fare til Dverberg og snakke med presten, om han ikkje kunne stille denna ufreden? Og han Gloppestad kom til Skogvoll og hadde kjole og krage med seg.

Der var ein som hadde lurt seg etter presten på kjerkegården i skjømminga, for å høre ka han sa. De første ordan var: «Hvad fattes eder, I døde?» - og så blei det ei heil preik. Men der skulle bli stilt etter den tid, de påstod det.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06