Autorisert Simon Langelår

Det var ein gong for lenge sidan. Når folk på Nøss var inni Luss-fjellet og slo, var det ein kar som alltid var så sæmen av seg. Han kom ikkje i fjellet før det leid langt på dag. Men når folk fór heim, då skulle han vere slik ein sægost at han ikkje tok kveld. Nei, då slo og styra han til langt på natt. Detta likte ikkje folk, og der var to karar som fann på at de skulle gjere han ei pretta, så mykje at de fekk han av med dennan uskikken. Så gjekk den eine opp på Kallheia, og hin karen tok vegen opp i Stampan og la seg, på Slett-sida av vatnet.

Han Simon - for det var det mannen heitte - gav på og slo borti Storlia. Men best som det var, fekk han høre eit grovt mål bortan av Stampan:

«Ho-ho!

Kann du låne meg storkjelen dinn?»

Og innpå Kallheia svara det: «Ka du ska' med denn?'»

Då ropa han i Stampan:

«Eg skal koke han Simon langelår

for han ikkje passa sitt kveldemål!1»

Han Simon la på hardan med ein gong. Og etter det spurtest det aldri meir at han la seg igjen i marka når anna folk tok kveld.

1       Liknande fortellingar er kjende frå andre kantar av landet, såleis frå Hard­anger: Der er det tale om «Hamar i Hadle og Klinkaskadle», men hovudpersonen har det meir kjende namnet Ola Lange.

Tilnamnet Langelår i Andøy-tradisjonen fortel nok berre at mannen sjølv var lang i låra, jamfør «låra på» (Aa.) gå med lange steg, og likeeins norr. laerdjupr og hdleggr som tilnamn. På den andre sida er Simon Langelår påfallande likt samisk Sima-Lango (lån frå norsk) = Jettanas (risen), ein gammal offerstein nær Vassnestinden i Kvenangen. (J. Qvigstad.) Det heiter jo også «Langbein rise» i eit norsk eventyr.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21