Skal tru om de var huldtatt?
Ein gong i 1860- eller 1870-åran møste ho Hanna Uhre, som var kona hans Aron Uhre, ei geit oppi Melakollen ein fredags kveld. Alle kretturan kom heim, unntakan' den eine geita. Der var søkt, og der var leita, men det nytta like lite alt. - Men ein månes tid etter, på ein fredag det òg, då kom geita til svars igjen. Og då sa de at det var mest som ho skulle ha vore både tøggen og utspøtta.
Ei tid seinare - om det var året eller mindre imella kunne de ikkje huse, ungane hennes som fortalte om det - men då kom der likeins eit lam bort, av smaleflokken. Lammet var som sokke i jorda, enda de leita fleire menneska i dagevis. - Men ein søndag ein månes tid etterpå kom lammet heim igjen, i laget med de andre. De meinte då at det var nedmed fjæra nord i Sandhaugan lammet måtte ha vore, men det var rett nok på ein stad der det ikkje fantest ein kjerr eller ei buska som det kunne bere fast i.
Ho Fjellfru var ei geit som kom han Ol'Andersa på Åknes til. Det var i 1870-åran. Den her geita var så folkekjær, for ho blei kjæla med både tidlig og seint av dattera i huset, som var berre banet då. Og straks geita hørte ein lyd ifrå vekja, så var det med ein gong: «Bje-he-he!» -for ikkje å snakke om viss vekja ropte på geita.
Ein dag blei ho Fjellfru borte, og ho var ingen staden å finne. Då leitinga var av seg styrt, hadde ingen noka tru om å sjå geita i live meir.
Tre veker seinare var det tre av søstrene i den same familien som gjekk for å «jage etter» kretturan som kom på heimtur dragande. Men kommen nær oppunder den sørste Trollhaugen, her får jentene sjå ein gammel mann i gråe kleda og med sydvest på hauvet - liten av vekst, men med mykje hår og med eit veldig skjegg. Jentene, de visste snarsagt ikkje om de skulle be eller bannest, for trur du ikkje at gubben stod der og tøygde seg fram og tok om halsen på ei geit! Det var geita som de hadde vore skilt med så lenge.
Men då bia de heller ikkje gjøkovet der. De tok på hardan heim med buskapen, dit som de brukte å samle geiterne, og det var snart at de fekk lagt både gubben og geita att-om seg!
På melkarplassen var det ein sommarfjøs som var ila utvendig med torv, og geiterne hadde det til moro å klatre opp på taket. Derfor var det at fjøsen gjekk under namn av «Bukkekjerka». Men då de to jentene kom dit - kem andre fekk de sjå enn ho Fjellfru? Ho stod i ei for vridd stilling om-ein-trent som ho skulle ha stide oppgildra med alle fire på ein flaskehals, og heile den eine halvparten på geita var blå og vanskapt, like til juret. Men det andre halve juret var som det skulle vere - som om det hadde vore melka til rett tid.
Jentene ågøya seg over denna geita, at ho vel kunne komme til bakers i ei slik forfatning, og utan at de hadde sett hyren av ho. Men ho Fjellfru sjølv, ho stod der som ei abisn for de andre geiterne og bukkane: De kringgjekk ho og drog veret av ho. - Men ho var så vanskapt og fæl at ho blei slakta og nedsøkkt i sjøen. Og det meinte folk på, at jentene skulle nok ikkje ha bantest!
Det skulle vere ein annen gong og, på 1860- eller 1870-tallet, at huldra var i ferda og skulle drage av med ei geit som kom han Hans Kaspersa på Bø til: Han sleit i frammerdelen, men bakparten såg han ikkje - og endskapen blei den at geita sleitest i to.