Autorisert Skarpen

Dette er ei «skrøna» som skriv seg frå han gamle Jakop Severin «Bang» som var dreng hos han Jonas Falk under og etter storskaden i 1821:

Den gamle kjerka på Andnes stod inne på den litje kjer'gården opp imot Været. Innmed koret i denne kjerka stod det for lenge sidan eit beinrangel. Så var det ein gong at tjenestefol­ket «uti gården» var samla i bårstua. Der satt de med prat og skøy; fann de så på å slå vadd om der vel var noken som var mota på å gå i kjerka og hente Skarpen1) - for det var namnet de hadde på beinranglet - og komme i bårstua med han. Då var det ei tjenestejenta som var frampå: Ho skulle nok tøre å gå. Men det berre log de åt.

Då gjekk ho ut og rett i kjerka, og sa med Skarpen: «Heng deg på ryggen min!» Han så gjorde; og ei lita stund etter kom ho leinsande inn i bårstua med han. Men då skal du tru det blei anna låt på de som satt der: noke slikt kunne de ikkje ha hos seg - ho måtte for all del gå tilbakers med Skarpen og sette han der ho hadde tatt han! Nei, sa ho, det var ikkje med i veddemålet. Ja, det var det same: de ville bli kvitt beinranglet. Og endelig fekk de ho på trua til å ta Skarpen med seg og gå i kjerka med han igjen. - Men då kom ho til å høre ei oppgjerd mellom Skarpen og kjerringa hans. Skarpen sa det var kjerringa som ikkje ga han fred i grava, og derfor måtte han stå i kjerka. 2)

Men frå den dagen var han ikkje meir å sjå der (Efrem Kaurin, Oslo).

1) «Skarpen» er skjemtenamn, avleidd av skarp = «mager, indfalden, kjødløs» ("Norsk Ordbog" av Ivar Aasen, 1918). Jfr. den gamle slåtta i fjellet på Bø som blir kalla «Skarperompen'»!

 2)   Dette   er   nok   eit   gammelt   sagn   (som   litt   etter   litt   erblitt   «forenkla»   ein   del).   Liknande  tradisjon   er  kjent   f. eks. frå Årdal i Setesdal og Hjaltadal i Island ("Norsk Folkedikting. Segner." Ved Knut Liestøl. Oslo 1939).


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/12