Autorisert Skattar og skattegraving

  Autorisert

Arnipa (til h.) Skyggen på biletet er Smòget.

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

På Anda finst det stadnamn med Gull- fleire plassar. Oftast er det berg og steinar som har ivær av ein gul eller iallfall lys steinsort i grå­berget, såsom Gullringsteinen nordom Åknes eller Gullkista nordom Kvalnes, - oppmed land begge. Meir uvisst er det med Gullhågen sør i vassbotnen på Skogvoll, som blei bortskoten, eller med Gullhågen på Nøss-stranda, som er «kledd» med tuver i nyare tid. Men til Gullgropa på Haugnes er det knytt eit skattesagn.

Elles heiter det at det var grove eller stukke bort ein sølvskatt oppi Arnipa for mange hundre år sidan, den tid russen fór på røvartokter.

Så var det ei anna fortelling: Ein mann hadde ein brynn på gården sin, og han stod i den formeining at det var berre ein brynn som alle andre. - Men så kom der ein dag ein annen mann dit. Han gav seg til å grave i brynnen. Han var då frami forskjellig: Først var det liksom brynnkanten skulle til å rause over han. Han sprang opp, men då var straks brynnen like heil. Så grov han på nytt.

Då fekk han sjå at stua stod i lys logje - men straks han fór opp og skulle sjå vél til, var det ikkje lenger så. Til slutt fekk han sjå ein okse med store horn: Han rauk etter hornan, og då drog han fram ein stor kjel med gull og sølv i.

Men frå den dagen var mannen sjuk.

Folk sa om gammelklokkaren på Andenes, han Nilsen, at han var å stad og grov etter skattar nedafor Refsevollen på Bleik, og at han råka på ein kopparkjel der med eitkvant i. Den gongen meinte de og at man­nen fekk ha kjelen.

Så var det ei anna fortelling frå Bleik; det var om ein drengkall som ingen ervingar hadde til rikdommen sin, når han eingong starva av. Han fann då på at han ville grave ned det han åtte av sølv og gull, så at ingen skulle få kloa i det - med rangt etter rett.

Då det lakka mot sluten med kallen, stakk han ein dag alle verdi­sakene sine i ein laup og rusla fjærevegen vestover. Men kor som var, drengen hadde då fått grunkjen i at husbunden hadde noke særskilt for seg, så han stal seg etter. Han måtte følgje Ra for ikkje å bli sedd; men vest på Raenden kunne han ikkje komme seg lenger uten å bli opp­daga, så der la han seg på lur. Han fekk då sjå at kallen gjekk opp på Kalvebakkan og at han grov ned laupen der. - Då hadde drengen sett nok, og strauk heim.

Då husbonden hadde sett staven igjen etter seg, var drengen straks å stad sku' finne skatten. Men det var visst godt nedsett, alt, med ord og formlar. Han fann iallfall ikkje det grann: Der skatten var, der blei han.

Det gjekk og sagn utav at der skulle vere nedgrove ein skatt på Troll-hågen.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21