Skolpen - folk eller fisk?
Når skårungane frå Sør-An'a og de ifrå Vestbygda før i tida møttest under vinterfisket på Langnes, var det ei remsa som hørte med til mannjamninga, slik den etter gammel skikk brukte å arte seg:
An'unga, an'unga - dôkk dókk!
kauka Langnes- og Øksnes-fjerdingane.
Long-unga long-unga - dôkk dókk!
svara andværingane. Eller de ropte:
Skolp-unga, skolp-unga - dôkk dókk!
Og denne småkjeftinga ut-arta ofte til regulære slagsmål mellom kokkgluntane frå An'a og de vestanav, med vinst og tap for begge partar.
«Long-unge», som er avleidd av longa = lange (fisk), gjekk sjølsagt på at det var tale om folk frå Langøya. Også skolp har trulig i dette tilfellet med fisk å gjere; det er ein sort de får i ferskvatn - vass-skolp er namnet mange brukar. Han held seg især i vassdrag der det er gorrbotn, og er mager, lang og svart; somme fortel at han iblant kan likne på ein ål. Enkelte vil ha det til å være eit særskilt fiskeslag, andre hevdar at det berre er ein av-art av aure (ørret). Skolten på denne magre fisken er stor, og det er ikkje rart at mange ser på han som ein u-fisk eller «vanskapning». Det seiest at han er særlig tallrik i vatn der det har vore tjyv-fiska med «mit», for det går årtider før slike vatn kjem i orden, med mat- og botntilhøve. Fisken blir då tilsvarande «glypsk», eller «utuhula» som det med eit anna vanlig skjemt-ord beiter. Kan hende er dette også den rette forklaring på namnet «skolp», som i ei tyding nettopp har med uthuling å gjere1).
Dersom skolp verkelig er ein av-art av aure, er det visstnok den de kallar jager sør i landet; også den ser de på som uspiselig.
At denne svarte, fæle fisken med den store skolten ikkje kan bli akta som matfisk, det sei seg sjøl, og like sjølsagt er det at kokkgluntane frå Langøya ikkje kunne sette større pris på å bli kalla «skolp»!
Men ikkje alltid har ordet med fisk å gjere. F. eks. kallar helgelendarane ofte folket frå nordsida av Vestfjorden, lofotværingar + vesterålingar, for «skolp». Det er usikkert ka som ligg i ordet då, i sær for di eit liknande ord finst i samisk2). Ordet har i dag oftast nedsettande klang, men det treng ikkje alltid ha vore så. Soga nemner losen Jon Skolp, eller på latin: Scolvus3). Det var vel tilnamnet som skulle fortelle kor han var frå.
Ein av dampbåtane til «Hindø»-selskapet hadde i si tid namnet Skolpen; det var denne som fann og først fiska på Skolpenbanken i Finnmark. Med på denne turen var bl. a. Daniel Knutsen på Bø. - Så finst det stadnamn der ordet går igjen, med uviss tyding. Såleis med det litje runde og svarte skjæret Skolpen NO av Nyksund, med grunnen Skolphella på yttersida. Ved ei slik namnelegging kan det godt være tenkt både på folk og fisk! Men så kan «skolp» og ha med gjørme eller ureint vatn å gjere; i Sørgårdsfjellet på Bø finst ei li der det er fullt av bekkesik og aur, og lia heiter Skolpeveien. Om denne tydinga av ordet fortel Karl Enoksen ei pussig historie: «Det var for mange år sia. Eg var med på Islands-fiske. Så ein dag blei vi fri for vatn, og gikk inn til Risøy i Øyfjorden for å fylle tankane. Der var ei kilda. Vi rodde fleire ferder med vatn. Då vi hadde vore der siste vendinga, var kilda mest tømt, og den vass-såa som var igjen såg både opprota og grumsot ut. Med det same vi gikk der ifrå, kom det ei kjerring med ei spann. Ho keik ned-i, tvia og sa: «Andskota skolp!» - Jau, tenkte eg, der fikk vi det. Eg skjønte det var eit kraftuttrykk. Men eg forstod ikkje korfor ho hadde så god greia på kor vi var ifrå, og undra meg, sjøl om vel alle visste at vi var norskar. Så eg spurte ein islending om dette uttrykket verkelig var mynta på oss. Men då fikk eg vel ein latter til svar! For rett nok var første ordet av aller sterkaste slag, men «skolp» er det vi kallar «skjett-vatn».
1) Til desse refleksj. over fisken vass-skolp høver å knytte eit likn. sitat om skrei ("Norske Fiskeméd" av Per Hovda, Oslo 1961, s. 212). «Etter gytinga er han både slunken og slukvoren, og hovudet synest større på denne slunkne fisken enn på rognfisken. - Ordet torsk er også nytta til tilnamn, og innhaldet av tilnamnet blir fullklårt når ein har set hovudet til ein turka skrei -» (fotnote). Som nemnt i samband med regla om astøingane blei kystfolket kalla taraskolp (tarra-) og. Dersom «skolp» er eit opph. namn på ein folkegruppe, kan det ha vist til at kystfolket budde utmed tang- og tarekledde strender, men aller helst til at de jamt låg og fiska og plaska «utpå tåran» (jfr. «Gréppatarran» = Griptaren, Trøndelag). Men sett og at taraskolp er motstykket til vasskolp, altså namn på ein saltvassfisk - det være skrei eller tar'gjedd =tare-torsk? Då har både regler og sitat stor interesse.
2) Håløygminne 10 s. 525.
3) Håløygminne 7 s. 269, Håløygminne. 8 s. 163.