Slagbåt - kva er det?
Bernhard Færøyvik skriv i artikkelen «Nordlandshandelen og Nordlandsjekti» i Bergens Sjøfartsmuseums årshefte 1945:
"Nordlendingane hev truleg like frå 1100-talet ført fisken sin og andre varor til Bergen sjølv. I fyrstninga på byrdingar og tendringar og frå 1500-talet på jekter. Byrdingar er namn på førsleskip, som no for det meste er komne or bruk, men som hev vore nytta i Noreg alt fra sogetidi. I 1177 møtte kong Sverre 40 byrdingar under segl på ferd frå Vågan i Lofoten til Trondheim. At dei førde turrfisk er visst (Sverresoga kap. 15)".
No finst Børringen som skjernamn på Vinje, men det er ikkje så sikkert at namnet har med farkosten byrding å gjere. Det spørsmålet får ligge her. Men vi kan seie, ut frå det Færøyvik skriv, at enno har nordlendingen litt kjennskap til jekta, mens byrding og tendring (teinring) er ord utan meining for dei fleste.
Like snautt for innhald no er eit anna farkostnamn, nemleg slagbåt: Jekta var størst, så kom teinringen og slagbåten. Men alle tre hadde visstnok jektefasong. I «Norsk Historisk Leksikon» (Oslo 1974) skriv Håvard Dahl Bråtrein at slagbåten oftast var på 3-10 lestar og at han
"er kjent fra 1700-tallet, og ble da benyttet av Trondhjemsborgerne til omførselshandel, eller av fiskerne i Nordland til å hente hjem fisk fra Finnmark etter utrodd fiske."
Ut over dette er det sparsamt med opplysningar om korleis denne båttypen eigentleg var. M. a. er det uklart om nemninga slag- heng saman med «slag» som namn på den bøygde delen av sida på (nordlands)båten - «gå fram pund slaget» o.l. - eller har å gjere med ei slags skive til å slå opp, som kremmarane kan ha nytta. Kanskje er båtnemninga slagbåt i slekt med «slagkeipingar», som sunnfjordingane brukte.
Nord om Møkland har vi Kremmarbukta. Truleg kan vi finne fleire slike namn i distriktet. Rolv Straume fortel (Bø Bygdebok b. I s. 131) at kremmarane frå først av la seg til like ved kjerkene eller tingstadene, og helst ute i fiskeværa, men
"Det var ikkje berre på kremmarleiene at kremmarane dreiv handelen sin. Dei tok varer med seg i slagbåtar - større enn fembøringar - og for og handla på kvar gard. Ofte kunne kremmaren sjøl fare i ein fjord, kona i ein annen og kanskje sonen, dottera eller drengen i ein tredje. Dei selte korn, mjøl, salt, malt, tjære, lerret, vadmål, boistoff, både raudt og blått, nåler, økser, ljåar, grev, spadar, plogjarn, brennevin, tobakk, tobakkspapir og mykje anna. Mange av desse varene var komne fra Jämteland eller Herjedalen. Kremmarane hadde kjøpt dei på Levanger-marknaden for å selle dei i Hålogaland.
Det var mest byttehandel, og det kremmaren fekk igjen, var rundfisk, rotskjær, sei, longe, skårkveite, rav, rekling, tran, krøtter, smør, ost, talg og bukkeskinn."
Dette er beintfram eit livaktig nordlandsk folkelivsbilete, knytt til slagbåten. Ein annan nordnorsk uttalevariant er «slåbåt», nemnd frå Senja og Tysfjord av Johan Hveding: Eigentleg ein stor førselsbåt, men overført om forbunad som er altfor stor til føtene. (Mange andre stader seier dei heller «slaffat», f.eks. Senja og Andøya - «eit slaffat te båt» - etter retten slagfat, som i nordsvenske målføre er namn på eit trau med lokk.)
Visse stadnamn i Bø og Malnes viser også at det er eit samband mellom slagbåtar og jekter, del vere seg kremmarjekter eller bygdefar: I området Røssnes-Haugsnes finn vi Jektneset, Oppsåta og Slagbåtsneset (uttalt slabåts-, slabbås- og slavos-!) Neset er som ein kile attmed elva frå Røssnesvatnet, med ein båtplass like bortom. Og i Skårvågen ligg Oppsåta og Slagbåtvika (slabot-) på kvar si side av Neset. Litt meir avbregda er uttalen av Slagbåtshaugen (slabbas-) ved Rissjøen, jfr. Jektberget i Spjelkvågen.
Forklaringa på uttalevariasjonen er enkel: Lydane a og å i Slagbåt- ligg nær einannan, så enten vil dei falle heilt saman (slabbas-) eller bli uttalt meir tydeleg ulike (slabbos- o.l.). Vi kunne drage fram ei rekke slike lydovergangar.
Langt meir interessant er den 1700-talshistorie som vi kan lese ut av dei omtalte stadnamna. Kanskje går denne historia lenger att også.
Desse stadnamna går nemleg svært godt saman med dei opplysningar vi elles kan finne, om jekter, skiprar og styrmenn: Bø Bygdebok (b. 1 s. 128) fortel f.eks. om skipper Abraham Mogensen Lockert på Ramberg:
"Jektoppsettet hans Abraham kan ein sjå på Stongneset på Ramberg. Ein har også jektoppsett på Røsnes, ved Steinesjøen, Vinjesjøen, i Været, i Føre og kanskje fleire stader. Det var ikkje alltid dei sette jektene opp med vinteren. Det hendte at dei hadde vinterhamn for jekter i Kobbvågen og Jennskarbotn. Eit sagn vil vite at det også var jektoppsett i Oppsåta."
I «Lofoten og Vesterålens historie 1500-1700» (s. 144) seier Kari Lindbekk:
"I Vinje var det lite stabilitet over jektefarten før Reinholt Kristenssøn på Røssnes fikk seg jekt i 1628. I kildene støter vi første gang på ham i 1620. Da betalte han 4 daler i bot for tjeneren sin, Oluf Amundssøn, «som var i selskap med andre tyver». Da bodde Reinholt på Sør-Vinje hvor han betalte 2 pund tørrfisk i leidang. Fire år senere betalte han full leidang, og det fortsatte han med da han flyttet til Gaukværøya i 1627 og senere da han kom til Røssnes i 1629."
Men jektefarten frå Værøya har iallfall lange tradisjonar. I tida 1563-1571 var Mikal Bjørnsen skipper i Værøya. Mons (Mogens) bergensfar har handel i Neset (Været) 1600-1614, truleg same mann som skipper og odelsbonde Mons Larsen i Skjerdingstad med styrmann Anders, i same tidsrom. Fra 1640 og utover er det tre skiprar i Været, til Anders Pedersen sel i 1661 og fer til Mårsund. Kjøpar var borgaren Jens Nilssøn Kruse, som sat med Været til 1679. Delvis samtidig eigar med han var trondheimsborgaren Morten Brynildsen 1660-1704 (står også 1698). Så langt etter Rolv Straume (Bø Bygdebok b. 1 s. 127).
Om Malnesfjerdingen fortel «Lofoten og Vesterålens historie» vidare:
"I Malnes hadde Jon på Årsand jektebruk tidlig i 1630-årene. Daniel i Nyke satt som jekteskipper i tida omkring 1640. Jekta hans ble overtatt av enken i 1642 og av Jakob Kristofferssøn i Nykvåg i 1643."
Bø Bygdebok fortel at det fanst ein skipper Varberg i Nykvågen i 1610 og ein skipper Nils i 1623, mens ein skipper Elias var leiglending på Nyke i tida 1610-1617. I dette siste tidsrommet fanst det og ein lensmann og styrmann Hans Blasen på garden Malnes.
Skipperen som flytta til Jørnfjorden skal vi følgje litt lenger. Han var ein av dei to som kosta ny kjerke i Bø i 1639, og han førte rekneskap for kjerka fram til 1655. Men så fortel «Lofoten og Vesterålens historie» (s. 150):
"I Vesterålen gikk det ut med den mektige familien til Reinholt på Røssnes i Vinje fjerding. Han døde selv i 1676. Sønnen Laurits Reinholdssøn på Hovden i Malnes fjerding døde allerede i 1664. Sønnen Kristen i Strengelvåg ble etterfulgt av sønnen sin, Reinholt Kristenssøn, i 1680. Da Reinholt døde i 1693, overtok enken hans bygsla noen år, men ved århundreskiftet var det ingen som bodde på hennes part av Strengelvåg lenger. Da var det ikke jektebruk verken i Strengelvåg, på Hovden eller på Røssnes lenger. Ved århundreskiftet var det heller ingen jekt i de gamle jekteleiene Gaukværøya og Vinje i Vinje fjerding, . . ."
Men minne om jektefarten er f.eks. Jektøya eller Hamnøya (no Galgjeøya) med Steinesjøen, likeins Oppsåta og Skippersnakkan i Været, og Skippersnaget - ein tredelt holme utom Krusholmen. Krusholmen ja, det namnet er kanskje det siste minnet om Jens Nilssøn Kruse. Namna frå Røssnes er alt omtalte.
Den i dag ukjende «Skippergrunn» i Været er vel helst det same om Oppsåta.
Mot slutten av 1600-talet har det tydelegvis vore meir usikkert å vere vanleg bygdefar-skipper (bygdefar = jekt). Samanhengen var m.a., etter «Lofoten og Vesterålens historie» (s. 152):
"Nå da antallet bygdefarjekter sank, kom det stadig flere uteliggerborgere til bygdene nordpå. De trengte seg på overalt, og det ble klaget over måten de for fram på.... Alle disse borgerne holdt til på gårder og fiskevær som eides av kronen. Der betalte de «husfrelse» som ble ført inn i fogderegnskapene. Det var noe nytt at fogdene krevde slik leie for borgerleier som bare var bygslet bort;... "
I denne samanhengen er det ekstra interessant at Søren Sørensen, fut på Vinje 1661-1691, også var jekteskipper! (Tidlegare var Hannibal Eriksen skipper på Vinje, 1610-1614.) Og dette med krongodset er rett nok, for både Været, Føre, Skårvågen, Nyke-Nykvågen, Malnes og Eidet o.fl. gardar var statseigedom.
Med Skårvågen (skrive Skor- i 1567 og 1822, Schor- i 1610) ser det ut til å vere såleis at her berre har vore kremmarfarty, ikkje bygdefar (Bø Bygdebok b. 2 s. 478):
"Skårvågen har vore gammalt kremmarleie. Den første kremmaren ein kjenner der, er Anders Pedersen 1666, d. før eller i 1688, g.m. Anne Henriksdtr. Ho var enke då ho i 1688 selte leiet til den neste kremmaren, Isak Johnsen Grønbech 1688 -1702. Enka etter I. J. Grønbech vart g.m. Dines Pedersen, som i 1703 fekk bevilling på Trondheims rådstue til å vere kremmar i Skårvågen. Dines P. dreiv handel i Skårvågen til 1732, og han var den siste trondheimsborgaren som hadde handel der, heiter det."
Andre borgarar, som dreiv jektebruk, er alt nemnt. Og «Lofoten og Vesterålens historie» (s. 154) seier i den samanhengen:
"Det var også noen borgere som bodde fast nordpå. I begynnelsen av 1660-årene var det f.eks. fire personer fra Vesterålen som hadde borgerskap i Bergen. En av dem var jekteskipperen Laurits Reinholdssøn på Hovden i Malnes fjerding."
Namn som Oppsåta og slike som er samansette med Jekt- kan etter det vi har vore inne på, tidfestast til 16-hundra eller endå lenger att. Kremmarane høyrer meir 1700-talet til, og det har aldri stått den same glans av ordet «kremmar» som av «skipper»... Kanskje det er ein av grunnane til at stadnamn på Kremmar- er så sjeldne: Frå det eigentlege Bø veit eg berre av Kremmarholmen ytst i Straumfjorden, og det er eit tradisjonslaust namn.
Til slutt kan vi nemne at det fanst noko som vart kalla «tremånedersborgere». Etter Norsk Historisk Leksikon var dette byborgarar frå Bergen og Trondheim som hadde fast tilhald i eit borgarleie i Nord-Noreg. Dei dreiv då enten handel derifrå, eller dreiv omfrakting med slagbåtar. Dei hadde ikkje lov å sitte vinteren over her nord.
Finn Myrvang