Autorisert Slaget på kjerkegården

Det gjekk sagn av at der eingong stod eit slag på kjerkegården på Dverberg, og det var de usalig døde ifrå sjø og land som var med. De ifrå sjøen hadde tareleggar til handhøvlar, mens de ifrå landet brukte likkistebord. Og det måtte vere presten (sjelesørgaren) det først var til­tenkt, for de song såleis:

Her ruska' vi

her knuska' vi

vår prestemann

i knas,

for boka beint

han ikkje las.

 

Her dansa vi

i bleike bein

og skjorte',

for di vår sjel

for salighet

er borte.

Men ettersom det blir brukt ordet «slag», må det trulig ha vore med noke om eit slagsmål og, de to flokkane imella.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06