Slaget på Krigsneset
Neset på Nyke heiter Krigsneset. Sagnet veit å fortelle at det i gamle dagar sto eit slag på Krigsneset, og derav namnet.
Hovdenkarane hadde blitt sinna på nykvågingane, kva det nå var for, og så manna dei seg i hop, for til Nyke og skulle gjere opp med dei. Og dei på Nyke og i Nykvågen var ikkje snauare, dei stilte opp og tok imot dei på Krigsneset, og der bars det ihop.
Det var hardbalne karar på begge sider, og det vart ikkje spara på harde hogg og tunge slag.
Lenge var det uvisst kven som kom til å vinne i denne bardagen, men sistpå hadde hovdenkarane mista så mange mann at dei måtte dra seg attende. Dei tok då på rømma nord over Nykraen. Men nykekarane fylgde etter dei heilt til Grindvika. Der snudde dei om og for heimatt. Dei tykte då dei hadde gjort eit godt dagsverk.
Både på Krigsneset og på Nykraen er mange gamle gravhaugar. Men dei er kanskje frå lenger att i tida.
På Krigsneset låg også ein haug dei kalle Tinghaugen.