Sølvbjella
Det er ei fortelling frå verkeligheita om bestefar min, han Ole Helmer, ein gong han hadde gjetinga. De gjette kyrne og småfeet etter tur, slik som de andre jordeigarane. Så var det ein dag han slo rast attmed Toften. Han var trøytt og la seg til å kvile på ein liten haug, og snart somna han. Etter omtrent ein time våkna han, og då blei han så forfærd - for der låg ei stor og fin sølvbjella imella føtene på han. Då han hadde lagt sølvbjella vel på plass i ranselen, gjekk han for å sjå over de få bjellekyrne som var i buskapen; men alle hadde de sine eigne bjeller på.
Då han bestefar kom heim om kvelden, skar han seg ei solid reim av kvitfisk-ler. Og han klinka enda reima fast på storkua med to solide båtspikrar for å vere på den sikre sida. Det var ein veldig fin og sjelden klang i denna bjella, for ho var av ekte sølv.
Fire år seinare laga det seg slik at han bestefar slo rast på same plassen. Og naturmenneske som han bestefar alltid var, så duste han til oppå den same haugen denna gongen og. Då han så slo opp augan, stod den store bjellekua like attmed han og såg på han. Men nu var bjella borte av kua; berre den solide, fastklinka reima var igjen. - Det er ju avgjort: Hvis det er menneska som har tatt bjella av kua, så må de ha brukt jernsag! Men det var noka som hverken fantest på krambua eller hos smedane i den tida.
Då han bestefar var kommen ganske åt Merkes-brua den same dagen, på turen heim, såg han seg att. Då fekk han sjå eit blått lys rett oppå Banhågen, som ei lita stjerna. Han såg på klokka; og etter ein halv time davra lyset meir og meir av - heilt til at det slokna. Det var det same lyset som var sett i gamle dagar, då eit nyfødd ban låg på den same haugen - og forsvann kver gong noken skulle ta det med hendene. Etter det blei haugen kalt Banhågen. (Normann Johnsen.)

