Sølvkanna
Det var ein mann som kom ridande framom eit berg. Der fekk han sjå det sat ein gammel mann. Den gamle mannen bad han inn, men det ville han ikkje: Noke drikka ville han derimot gjerna ha. Ja, så kom de med drikk åt han - det var i ei sølvkanna. Men då han fekk den i handa og såg at ho var av sølv, så jaga han på hesten og reid vekk. Det som var i kanna, slo han ut. Der draup noken dråpar på hesten, og de brente håran av der de trefte.
Eg minnest ikkje staden - kor det var - men det skulle vere her på øya. Eg trur gjerna det var han far eg hørte den fortellinga av.