Autorisert Spøkeriet ved Okla

Attmed fjellet Okla i Dverberg skal det ligge ei lita tjøn som det går eit sagn om: Der var det at ei jenta ein gong i tida drukna ungen sin, som ho hadde fødd i dølgsmål.1) Etter den tid skal du kunne høre bangråt der attmed tjøna; men først må du renne tjøna tre gongar rundt.

Attmed Okla såg ellers folk så mykje rart: Det var pengekjelar som det brann lys på, og anna. Ein mann som skulle gå frå Mela og til Myre, trefte ein gong eit kvinnfolk frå Skovoll på slette myra. Ho hadde enda rødt hår. Han gikk om ho, og helste. Men ho svarte ikkje. Nesten med det same kom det for han at det var noke rart med dette mennesket like vel - at det kunne ikkje være ho han først hadde tenkt på. Men då han snudde seg og skulle sjå etter, var ho som sokken i jorda. Der var ingen plass kor ho kunne ha gjømt seg. Sjøl var han ein kar som hverken hadde det med å skrøne eller være skuggeredd.

Ein annen gong var det to som kom kjørande forbi Okla. Då var hesten varst noke som de ikkje såg, og tok laust! Det var så vidt de skulle ha komme seg til Åbergsjorda etterpå, så sundbrøte var greiet og kjøretøyet (Emil Isaksen, Nøss, Kornelius Dahl, Åbergsjorda).

Like under Okla ligg det såkalte Okkelvatnet. Der skulle det være så mykje gjenferd. Noken sa det var etter ein mann som var tatt av dage i urane der oppe. Ka meir det var, minnest eg ikkje; men det sette iallfall kaldt blod i oss ungane. Og sjøl om eg ikkje var redd for å gå forbi der etter at eg var blitt voksa jenta, så var det nok til at det minte meg - (Regine Hansen, Rundholen).

Fostermor mi, som bodde på Åbergsjorda, snakkte om ein gong ho hadde vore gåande frå Skavdalen og til Myre. Ho hadde hund med. Då ho kom tilbakers, blei han så forunderlig: ho skulle ikkje ha fått han så mykje unna føtene at ho kom seg fram - han ville berre gjømme seg. Ho skjønte at det måtte være «noke meir enn vanlig». Men då de kom bortpå Nilsnabbraet, forbi Okkelbakkan, då var det vel liksom hunden fikk mål for seg! Han gøydde der ifrå og til de var mesta heime (Odin Olsen, Åbergsjorda).

1)   Dette er trulig same sagn som «Et pænt rypan». Eit liknande sagn frå Ånfjorden (Auenfjorden) i Øksnes står i "Sagn og Eventyr fra Nordland I" av O. M. Nicolaissen, Christiania 1879. Der heiter det ikkje, som i sagnet frå Okla, «Kari eller Jon», men: Guri eller Jon. Det samsvarar med norrønt Gudrun ok
Jón, som var brukt liksom vårt «NN».


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/12