Autorisert Sterke folk

Hans Kaurin, husmann på Dverberg, var av vekst og styrke ei kjempa. Han var fødd på Åknes i 1847, men voks opp på Nordmela. Om han kunne det seies at han var fødd historie-fortellar. Som oftast gjaldt det ting han sjøl hadde opplevd, og han bar det fram på ein måte som fikk tilhørarane til å sjå det heile levande for seg. Ei fortelling om han, som går for å være sann, er denne: På slette marka møtte han ein gong ein stor og sint okse, som tilmed hadde svære horn. Hans Kaurin hadde ingen ting for handa å forsvare seg med. På ei torvmyr ikkje langt unna stod det fleire menneske og såg på - de trudde hans siste time var kommen. Men han gikk rolig imot oksen, og då karen senka skolten for å «ta han», greip han eit horn med kver neve og velta oksen heilt over på ryggen! (O. I. Krogstad, Nesna)

Eit liknande karsstykkje er tillagt han Andreas Bugge frå Høyvika: Det var den tid Otervika var tatt i bruk som beite­plass for oksar. Så kom han Andreas dit ein dag, med båt. Då han vassa i land, kom det ein okse settande imot han - ja han stod klar med ein gong han oppdaga mannen som hadde tenkt seg i land. Han Andreas Bugge1) hadde tida å snu og komme seg i båten igjen, men han var ikkje meir frøsen enn at han snudde seg imot oksen. Og han gjorde straks åtak. Men mannen kjørte eine handa i nas'boret på han og greip med den andre om hòrnet på motsett sida. Der­med velta han oksen rundt etter skolten (Håkon Rydland, Kongsvinger)2).

Ole Anton Normann var fødd i Tranøya i Troms. Han var prest på Andøya frå 1843 og til han reiste i 1851, frå 1849 også prost i Vesterålen. Han var ordførar i fire år og. Han blir skildra som ein praktisk og handlekraftig mann, sjøl­stendig og stridig av natur. Han hadde godt ord på seg som ungdomspreikar i sær, og var ikkje stort ulikare som sjø­mann. Både i dette siste og i mange andre stykke må han ha vore den rake motsetning f. eks. til presten Jersin, som aldri greidde å venne seg til sjøen. - På båtturane til anneksan Andenes og Bjørnskinn var Normann høvedsmann sjøl, og han dreiv fiske i Andfjorden. Frå ein slik tur på fjorden har folk ei fortelling: Prosten og tjenest'drengen var ute og fiska, og han rauk opp til storm. Drengen ville berre ro i land med ein gong, men prosten ville sette lina først! De blei ikkje forlikt om dette, og til slutt spurte prosten: «Vil du ro, eller vil du ikkje?» Drengen ville ikkje. Då tok prosten han i trøyekragen, lempa han over ripa og «døppa» han uten meir parlamentering godt under. Så førte han stakkaren om atterskotten og drog han inn på andre sida. Om han nu ville ro? Det ville drengen sjølsagt. Men så seiest òg, at då de kom på land, visste prosten ikkje ka godt han skulle gje drengen. Også på andre måtar blei det etter kvert klart at Normann var ein sammensett natur; det kom alt an på ka for ei «hetta» han snudde ut.

Då han skulle reise frå Andøya, sa de, hadde de fått alt flyttegodset inn i båten så nær som ei kviga. Ho sette skankane i veien og var skverr umulig å få inn i båten. De som skulle hjelpes til, visste ikkje si arme råd. De hadde prøvd både med godt og ondt, men til inga nytta. Då kom prosten. Han godsnakka med kviga og estimerte knapt nok de som stod og såg på. Best som det var, famna han om skankane på kviga - og letta ho inn i båten (Cedolf Baraa, "And-Ungen", julehefte og årsskrift 1922/32 for Andøy Ungdomsfylking -29).

Handelsmann Nilsen på Åknes var ein kjempekar. Ein gong slo han vadd med Albert Pettersen og Alf Jonsen om kem som kunne greie å drage opp på ryggen ein gammeldags 100 kgs melsekk på berre kjettingen, dvs. uten å bruke vinda. De var ikkje sveklingar, de andre to heller; og alle drog de melsekken oppunder seg. Men berre ein greidde å ta han inn: Det var handelsmannen (Karl Enoksen, Bø)

1) Trulig er tilnamnet Bugge valt med omtanke; det kan iallfall tydes som «en mægtig Mand» ("Norsk Ordbog" av Ivar Aasen, 1918).

2) Dette er eit vandretema. F. eks. hadde Øksnes ein kjempesterk prest 1830-37. Han heitte Kristian A. Kjelstrup, og sette seg i respekt mens han var i kallet: «Man frygtet prestens sterke næve, der av og til blev brugt som et tugtens ris for syndere, som ikke vilde høre evangeliets ord og derfor fik smake Mose kjep. Og datiden dømte anderledes om hans maate at lære moral paa end vor tid» ("Fra Nord-Norge" av O. M. Nicolaissen, 1919). Nok om det, frå Øksnes kom presten til Gol i Hallingdal. Der fortel folk same soga om han.


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Kommune

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/25