Svinøy - Kalven
Mellom begge Svinøyane ligg ei mindre øy dei kallar Kalven. Det namnet skal ho ha fått avdi der skal vere nedgrave store skattar, mellom anna ein gullkalv.
Før i tida kom mange fiskarar frå andre bygder og dreiv fiske i Bø. Ein båt frå Hamarøy dreiv fiske i Værøya. Men der vart dei ikkje lenge. Ei natt for dei på skattegraving på Kalven. Og sia såg ein ikkje meir til dei. Folk ville vite at dei då hadde funne så mykje av pengar og skattar at dei trengte ikkje om å drive fiske.