Autorisert Térre vindlysan

Fram til atomalderen, faktisk, har det blant ungane på An'a og i Vesterålen vore vanlig leik å «terge nordlyset» ved å vifte mot det med eit kvitt plagg. De gamle kallar det å térre vindlysan. Nordlyset skal bli meir levande då, «lémne tel» som det heiter. De som er litt eldre og som sjøl har prøvd leiken, føyer gjerna til når de fortel om det: «Vi var redde når det kom så langt at vi syntest det tok til å verke, for vi hørte fortellingar av de som eldre var, om at vindlysan var farlige: de kunne slå ned og ta oss. Men rett nok var det ingen som sa noke om tilfelle der de verkelig hadde sligje ned og tatt folk!»

Gamle andværingar hadde som uttrykk, når det var svære vindlys, at «det var berre så de small imot snyen» (Tora Enoksen, Bø)1). Men han Hans Kasper på Bø, han sa det på sin måte: Han hadde vore nedpå Naustbakkan eit ærend seint ein kveld. Så kom han inn og snakka om at det var så mykje til sterke vindlys ute; det var berre så de small i naustveggen! (Isak Andreassen, Bø)

1) Også samane har sin  tradisjon om dette. I "Lappiske eventyr og sagn" ved J. Qvigstad er fortalt om 2 brør som kjørte ut for å skille rein (s. 523). Den yngste joika og spotta først sola ved å kalle ho «solkallen» (det blei då snykov), deretter også månen med utnamnet «måneliten» (då blei det mørkeskodde), og så stjernene ved å kalle de «småstjernene» (og ei eldkule slo ned og drap kjørereinen hans). Så måtte han drage pulken sjøl. - Den eldste broren rasta om kvelden for å la reinen beite og for å vente på den andre.  Han gjorde opp varme og laga mat.  Då den var ferdig, kom endelig broren.  De åt, og etterpå blei det slikt sterkt nordlys. Då la den yngste til å joike på ny:

Nordlyset spring - lip! lip! lip!

med feitt i munnen - lip osv.

med hammar i panna - osv.

med øks på nakken - osv.

Broren forbaud han det, men han joika berre enda sterkare. Då tok nordlyset til å blafre så sterkt at det var fælt å sjå, og det small mot snyen liksom av eit stivt skinn. Den eldste var snar om å kvelve pulken og krype under. Men nordlyset slo ned og drap den yngste; og pelsen hans brann opp. - Så måtte den eldste kjøre videre åleina, tung i hug og med hjertesorg for bror sin. - Derfor, er sagt, var det hos samane ei tru at du ikkje skal gje deg om å spotte nordlyset så det blir sint og tar deg, eller brenner deg opp. For av denne guten kom like til kroppen bort, sa de. (Frå Nesseby, Varanger 1891). Trulig finst denne førestilinga også hos andre folk ved nordpolen.

På Andøya har den honge lenge i. Endatil unge folk kan for­telle at de verkelig har sett nordlyset bli villare og villare etter som de har vifta til det med eit kvitt plagg (lommetørkle eller større) frå ein snyskavel. Korleis det heng i hop, er eit åpent spørs­mål. For det første er det innbillingskrafta, for det andre trulig det at synsorganet blir «forvirra» av stadig skifting mellom kvitt plagg og langt mørkare bakgrunn - slik at nordlyset kjem til å verke meir og mindre intenst ettersom auget er innstilla for mørkt og for relativt lyst felt.


Denne artikkelen handler om

Kommune

Samfunnsfenomen

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/15