Ta dokker i akt!
Når det kom «smått» i huset, måtte de legge ei salmebok under hauvgjerdet hos ungen. Det var for at de underjordiske ikkje skulle nytte høvan og bytte ban. De skulle og ha stål ståande over døra så lenge ungen var udøpt; det første ullhåret på ungen kalla for resten enkelte for «hedningehåret». - Fekk ein unge engelsk-syka, rakitt, var det med ein gong at de underjordiske hadde vore der og «forbytta» han.
Når ei som gjekk og venta seg, drømte eitt eller anna menneske, la både ho og de andre det ut på den måten at dette mennesket gjekk etter namn. Då var det best å la ungen få namn etter som ho hadde drømt, for ellers var det uvisst om han kom til å trives. Var det så ein unge som like vel fekk anna namn enn det mora hadde drømt, og han illtreivest, heitte det straks at «den ungen kan ikkje trives, for han har fått rangt namn». Ja, de visste å fortelle om ein unge som blei døpt med eit heilt anna namn enn det mora hadde drømt: Han blei så vanskelig etter dåpen og ville ikkje trives. De måtte då «kassake» første namnet og bruke eit mellomnamn - og snart stortreivest han.
Ellers blei ungane opplært til å ikkje slå kokande vatn eller sø på berr mark, sjøl om de vel sjeldnare fekk vete grunnen til det. Men på Fiskenes sa de, sistpå berre som eit skøyord, når de skulle slå ut noke kokvarmt: «Nu må dokker ta dokker i akt!» Vest i Langnes sa de: «Unna de som punne e!» og i Hadsel hendte det de føydde til: «ikkje vil eg ha ska', ikkje vil eg gjer' ska'!»
Så var det ei på Bleik. Ho brukte å seie når ungane hadde slept mat nedmed bordet og ville til å plukke opp igjen: «Det skal nissen ha!»