Tarebrenning
Tarebrenninga var eit kortvarig «eventyr» i mellomkrigstida, og vi har vore så heldige å få Erna og Johan Ellingsen i Hovden til å fortelje litt om korleis dei opplevde det.
Johan: Tarebrenning var eg med på i tjueåra, i 1924, 1925 og 1926. Om dagen var eg i lag med ho mamma og la opp tare, og når det var kveld, gjekk eg her borte pund Tussen der dei hadde ein teig. Eg hadde ei såkalla kipa som eg moka full, så tok eg ho på ryggen og bar opp på land, størta det og breidde utover. Ei kipa var laga av bambus, flat mot ryggen og i halvrunding attover, og med breie akselband eller tau som det var tulla ty om. - Dei pengane eg fekk for det eg brann då, fekk eg ha for meg sjølv, og dei kjøpte eg sko og dress for då eg blei konfirmert.
Erna: Vi tok opp sòl (såll) og tarelegg først, og så var det å få det tørt. Vi la det då i store dungar og balla noko over for at det ikkje skulle bli bløytt ut; vi måtte ha mange slike dungar før vi kunne brenne. Så laga vi ei gruva for at ikkje aska skulle fare bort, og ho måtte vere ganske tett neri for at vi ikkje skulle bli skilt med noko av aska då heller. Eit kilo ask' var ti øre, og det var mykje pengar i den tida. Når vi hadde fått alt brunne, slo vi litt vatn på for å få aska litt tyngre.
Johan: 900 kilo trur eg det var eg førte heim, som eg hadde brunne, det siste året - då eg var konfirmert. Det måtte eg bere derifra og i Lendinga utfor Sildbugnesodden. Så var det i båt og føre det til Nykvågen og levere åt han Edvard Ellingsa.
Erna: Vi brann her nere, i Varvikran. Støvlar hadde vi ikkje, berre klumpar og kloggar, så vi gjekk helst i luggar. Dei sat godt fast på steinane, så det var det beste.
Når vi bar opp sòla, og det var god tørk, kunne det gå eit par dagar; så måtte vi snu med greipa. Når det var tørka på den sida og, var det å legge i store dungar. Det var interessant. Det var gjerne først i juni, før marknadstida, at dei sette i gang å brenne - tett i tett med bål. Ka du trur for ein røyk - han la over heile fjæra!
Johan: Eg var med han Edvard Ellingsa, og fekk lov å ha teigane hass. Og så var eg med når han sku' levver' ask'. A herregud kor vi arbeidde og kor vi sleit, for ingenting. - Det var to mann for å legge i lengene når vi kom i båten med aska og ho skulle sendes vidare med godsbåtane.
Erna: Viss du greidde å få deg ein 15-20 kr til du skulle på «market», så var det bra.
Johan: Der var ikkje fred, verken natt eller dag. Det var å passe veret og balle over viss det kom regn. Vi laga gruver sjølv, og det var om å gjere å få gruva så slett og så tett som mulig. Det pågjekk frå påskehelga og utover, for då løsna sòla, og om pinsehelga var han sjy, veit du. Så det var om å gjere å henge i til du skolv, at ingenting skulle rotne opp. Og ka du trur for skjønne farger det var når det brann, i fiolett og grønt og -. Men du kor tungt det var å få laust dei store kleppane frå steinen når det brann seg fast i gruva - vi brukte spætt. Ja, eg veit eg arbeidde med dette til eg var som gelé i føtene, det året eg skulle konfirmeres.