Til dåp og til molde
På An'a kan du rett ofte høre stadnamn med prest- eller kjerke- i. De av det første slaget finst mest kring Myre; det har sin bakgrunn i Tverbergs grunnfaste posisjon som geistlig hovedsete med prestegårds-rettar i myr og fjell frå gammel tid. Det er nok å nemne Prestmyran og Prestelva, Prestdalen og Prestvatnet (Åltervatnet), liksom Prestaksla både der og ute på Andenes. - Når det gjeld namn med kjerke- i, så kan desse iblant berre være resultat av innfall hos folk; f. eks. Kjerkebergan og Sakristibergan ved Litjeland, Bokkekjerka i Børra og Trollkjerka i Haugdalen. Kjerkerånna i Dalen skyldes på si sida eit naturens lune: der er liksom ein husmur å sjå, aller nedst. Men oftare ligg det i slike namn ei soga: Både sørom Andenes, på Bleik og ved Nordmela finst skjær de kallar Kjerkeskjæret. Bakgrunnen er her at gårds- og avgårdsfolk hadde båtane sine liggande ved skjæret når de skulle til eller frå kjerka. De kunne komme langveis ifrå og var ikkje «omaksredde» i så måte. - På Skogvollmyrane er det ein stor bekk med namnet Kjerkeelva: Så er sagt, at folket rodde tvers over vatnet og så langt opp i elva de kom, og så tok de føtene fatt. Stia går den dag i dag langs bekken austover. Lengre aust ligg Kjerkeraet. Der skulle være gjengs kvileplass. Då var de komne så langt at de såg Tverberg-kjerka. - Eit anna slikt namn er Kjerkebekken. Han renn på «Myra» mellom Bø og Sørmela, straks innom Risholen. Han kjem frå Orkleiva og svingar først nordover, men renn så austover og ut i Tranesvågen. Når folket frå Sørmela og Åknes skulle til Bjørnskinnkjerka, fall det seg slik at stia jamnast følgte Kjerkebekken, men to gongar måtte de krysse han. Det hendte vel at det var båtskyss å få, inni Vågen, men for de fleste blei det å traske videre langs fjæra til Bjørnskinn. Nøss- og Bø-folket tok den veien når stia innunder fjellet var lite farande på grunn av sny eller bløyta, ellers ikkje. De hadde kvilarplass innmed Bjønnholen, på noken steinar som såg ut til å være rulla opp på rad av folk lenger att i tida. Den tid grodde steinane aldri over -.
Når Åknes-folket skulle ha barn til dåpen, måtte de ofte bære ungane til kjerka. De hadde de visst i korger av noke slag. Slik var det også ei stund etter at de bygde «moldveien» over Myra, for mange år sidan. Han Hilmar på Øvereng skulle være den første som blei boren som dåpsban på den. Og han Petter Knutsa hadde tvillingar, ein glunt som heitte Peder og ei vekja som heitte Kristine. Folk trur helst det er skrøn når noken fortel slikt i dag, men det er sant: Han Petter bar de to ungane på børrtre over Myra då de skulle døpes.
Den første kjerkegården for vestersida i Dverberg sokn var den på Skogvoll. Folk fortel at «de to bonnan hennes Gjertrud» var de første som blei sett ned på denne kjerkegården. Men det er noke uklart kem denne Gjertrud eigentlig var.
Og det kunne gå så forskjellig for seg når de skulle fare til molde1) før i tida. Regine Hansen frå Rundholen kan fortelle: «Ho Kristina var dotter hans Faltin i Høyvika. Ho dø' ganske ung. Ho tjente på Ånesset hos han Ludvik med eg var oppvekstring. Så blei ho sjuk, og låg på sjukehuset i Gravdal ei tid uten å bli frisk. Etter det kom ho tilbake til Ånesset, og der dø' ho.
Liket blei ført over Ånesvatnet og hit til Bødalselva. Det var vanlig i den tida at de rodde over Ånesvatnet og opp i Bødalselva til dit kor Grunnvasselva kjem til. Det var uframkommelig og gale, same kor de skulle. Det var ikkje vei frå Ånesset og ned til Å i den tida, så det var ikkje greiare å fare til Dverberg med liket heller. Det var altså til Skogvoll de skulle. Han far, Hans Danielsa, var med - og hoppa vår. Ho var så «gjev å gå i myra», for det var ho vant med frå ho var føll. Det var jamnt ho, når noke stod om, som var den likaste av hestane her omkring slik. Ja, så kjørte de liket frå Bødalselva forbi Rundholen og ned til Melavatnet. Deretter førte de det over vatnet og ned til Mela. Til slutt var det å gå i båt og fare til Skogvoll. Der er grava hennes Kristina».
1) Av norrønt "fara til moldar", døy. Her: Gravlegges.