Autorisert Tind og stav

Sæt Sejlet til Luvartz hen over den Søe,
Ræt lige til Anden den Biergerig øe.


An'a har 25-30 fjelltoppar høgre enn 500 m. Endå er ho ei av de flataste øyane i landet - ja så vide er myrane der at det snautt er fleire enn Petter Dass som har funne karakteristikken «Biergerig» høvelig. Men mange folkeminne er knytt til heiar, kollar og tindar, også i form av rare namn, solmerke, fiskeméer, ja tilmed rein bygdehistorie. Her er plass berre til enkelte småting:
    Frå Sølvlitinden, den 527 m høge toppen av fjellsida Sølvlia ved Kobbedalen, skal du kunne sjå utover heile 7 kjerkesokn, heiter det. Andre nemner «kjerketårn», men det kan neppe stemme. - Eit liknande sagn gjeld Résmålstinden ved Bakkejord i Skånland, Troms. - På Sølvlihakkan grov ein gong ein skjerpar etter sølv, men fann kvikksølv.
    Den høgste tinden på øya er Kvasstinden ved Dalen (705 m), som har gitt namn til Kvasstindegga langt uti havet. Men høgst på Ytter-An'a er Harrålen; dette namnet er kjent frå Andneshavet i nord og til Gavlfjorden i sør, mens det kring Myre og Dverberg er modernisert til Keipen. Andre har uttalen «Harrånen», men det må være rein skjemt - som ute på Bleik beintfram er omsett til «Karen»! På gammelnorsk heitte det horund. - Men på innersida av øya kallar de same fjellet for Sverigetinden; det går nemlig sagn om at du frå denne toppen skal kunne sjå grensefjell inn imot Sverige når det er klårver. Best høver det med tindane innom Gratangsbotn 120 km unna, særlig med den 1424 m høge Nevertinden
    Jotinden austom Åbergsjorda er 468 m høg. Liksom Harrålen er denne eit viktig mé-fjell med mange namn. Av ikkje lokalkjente folk blir han ender og gong kalla «Åbergsjordtinden», til forveksling med Åbergsjordkollen; men før blei han oftare kalla Røvarstinden. Det namnet kjente de på fjellgårdane og sør til Åknes; det skulle ha å gjere med ei «røvarkula» som ei tid gjømte seg bort der i fjellet, i ei hula. Men på Langneshavet kallar de tinden Fellatuva, etter tilroren Fella, liksom de på Andneshavet nemner han Skruvstinden etter tilroren Skruvsegga. Men sør i Andfjorden har han til tider og vore kalla Kjerringa!
    Om den 436 m høge Breitinden=Trolltinden på Ytter-An'a, iblant kalla Fiskenes-Trolltinden til skilnad frå Stave-Trolltinden, fortel Efrem Kaurin, Oslo: Når vi i gamle dagar var i bergkléftrene høgt oppi fjellet og slo til fór, og det var fin-ver og hilder, hendte det at vi kunne sjå Helgøya langt nord i havet. Iallfall visste de gamle å fortelle at det var den øya. Ho ligg 155- 160 km nordaust av Trolltinden. Det frie utsynet over hav frå tinden er, uten hilder, berre godt og vel halvparten.
    Måtinden ved Høyvika er så rar, liksom avgnura og utoversigjen å sjå. Ein god del av tinden rausa ein gong i havet; det kunne være såleis kring 1860. Derfor hallar han så utover. Han bestefar snakte om det: De låg i Bleiksbakkan og drog, og det var stilla og fint ver. Men best som det var, tok sjyen til å gå så veldig. De låg fast i ilen, og var på hekta til å få båten fylt. De skjønte ikkje ka det var. Rett nok hørte de eit brak, men de såg ikkje noke. - Men då de kom oppunder land, då såg de rett.
    Midt imellom Nøsstinden og «Dalen» ved Nøss er det ei berghola de kallar Gravérhula. Der var det ein gong ein gra-vér som villa seg inn; han gjekk på beite. Så kjørte han hornan fast i berget, og blei ståande til han kreperte. Der fann de seinare beingrinda av han. - Sjølve Nøsstinden har namn av grenda Nøss. Det namnet har mange spekulert på. Men Sjøhusaksla nordst på Nøss, ho ser frå sjøen ut som ein nase å kalle. Så bygda har nok namn av norrønt nos = nase, som også var brukt ofte i namn på fjell og framstikkande høgder.
    Fjellet vest mot havet mellom Bleik og Andnes har namnet Klæva; der gjekk den gamle gangstia over Gongskaret. Og i Spanna nordst i Klæva låg Klæve, som var gårdspart under Andnes. - Men det var det eg skulle fortelle: I Vester-Klæva er det ein fjellprofil som tér seg så skarpt imot midnattssola. Han liknar sterkt på Agnes Mowinckel, fortel middelaldrande folk.
    Sørom Andnes ligg det litje fjellet Merket, som i seinare tid er blitt redusert på grunn av steinbryting til moloar, flyplass m. m. Synd var det at eit frå gammelt så kjært festepunkt for auget måtte omgjeres til fyllmasse på det viset; sandslettene der ute («Prærien») var vide nok som de var. Men byen breier seg utover: «Nå er det som stedet har tapt sin natur, for nå er det omspunnet av jetmotor-dur; nå borte er Merket og Gløshaugen med - det er som du kommer et annet sted» (Bjørgun Harr i Andøya Avis). Merkeskista kalla de ein del av Merket som de brukte til mé på havet, f. eks. «Merkeskista i Teisten (eit Senja-fjell). Og Merket sjøl hadde sitt namn for di det var eit viktig sjø- og landemerke. I dag er steingrunnen der lagt ut til tomter for moderne høgbygg; men heller seint enn aldri skal vi minnes den ei tid ikkje lite omtala «Merkesmannen» De eldre forstod noke særskilt med det namnet, mens det for de yngste berre var namn på ein profil oppi Merket som enkelte ville ha til å likne Bjørnson, mens andre sa Roald Amundsen. Men atter andre visste bedre: profilen var sjølvaste Clemenceau sin!


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06