Autorisert Tistertrollan

Hans Larsa ifrå Åbergsjorda hadde ei fortelling om ein kar som skulle gå ifrå ein av «dalgårdan» og til Nordmela med ein ost.  Han bar laupen i ein stav på ryggen.  Men så var han så uheldig å snåve; han datt så lang han var, og osten trilla bortover marka.  Då var det noken som ropte etter han: Mannen datt, osten trilla -*) tihihihi! Det var tistertrollan, sa han Hans Larsa.

*) Det var ein kar som snåva i det han gjekk framom Kariberget på Hadseløya (Karihaugen på Stokmarknes?).  Då lo det borti berget:   «Mannen datt og hatten trilla!» (Håløygminne 2 s. 342).

Vestom Storvatnet på Skarstein ligg ein knaus med namnet Tisterberget. Noke sagn er ikkje kjent der ifrå. Men kring om var det slåttemark før i tida, og oppå berget brukte folk å koke kaffe og ta seg mat, når de var der og slo. Dalelva sildra og rann like attmed; og oppå Tisterberget spella de seg, ungane, når veret var godt og de fekk være med de voksne i marka. Det kan derfor være at namnet på berget skreiv seg frå ungane som leika der, «tistra» (kniste) og lo. Og på Andøya og i Vesterålen heiter det om ungar som fniser: «Nei, hø(y)r de deran tistertrollan!» - Men namnet på berget kan og ha å gjere med «tista» - stikke fram, vise seg.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/13