Torgaren på Bø
Ein gong budde det ein rése i lag med gjura si i Strandfjellet mellom Bø og Nøss. Résen blir kalla Torgaren. Han var kjempesterk som troll flest. Ein gong rapa det eit stort berg ovanav Strandfjellet. Men Torgaren tok spenntak då han såg det kom firande, og han greidde å stanse det. Det er ennu lett å sjå merkan etter eine foten og begge hender´n hannes, i berget. Etter at nyveien over Stranda kom, heng Torgarsteinen som dei kallar han, mesta ut over veien. Den gamle kjøreveien og gangstia gjekk også like nedenom steinen, og ei tid trudde folk at det var ”puskeri” der. Hestane hadde det med å bli så skvetne av seg når de kjørte framom.
| Tittel | Format | Kilde | Opphavsrett | Vilkår for bruk | |
|---|---|---|---|---|---|
| Last ned lydfil av sagnet fortalt av Tormod Nordeng | Lydfil (mp3) | Folkeminne, Andøy | RKK vesterålsregionen / LESESUG |
|
|
| Last ned lydfil av sagnet fortalt av Tormod Nordeng (#2) | Lydfil (mp3) | Folkeminne, Andøy | RKK vesterålsregionen / LESESUG |
|
|
| Last ned sagnet som videofil | Videofil (mp4) |
|