Autorisert Torgaren (Torger) på Bø

Ein gong budde ein rése i lag med gjura si i Strandfjellet mellom Bø og Nøss. Résen blir kalla Torgaren. Han var kjempesterk som troll flest. Ein gong rapa det eit stort berg ovanav Strandfjellet. Men Torgaren tok spenntak då han såg det kom firande, og han greidde å stanse det. Det er ennu lett å sjå merkan etter eine foten og begge hendern' hannos, i ber­get. Etter at nyveien over Stranda kom, heng Torgarsteinen*) som de kallar han, mesta ut over veien. Den gamle kjøre­veien og gangstia gjekk også like nedom steinen, og ei tid trudde folk at det var «puskeri» der. Hestane hadde det med å bli så skvetne av seg når de kjørte framom.

Bø og Nøss har ein skjærgård som du verkelig skal leite lenge etter; men både på Bø og synnafor Nøss stikk det ei svær øyr ut i havet. Desse er minne om istida, og blir frå gam­melt kalla Bø-øyra og Nøss-øyra. Sagnet vil ha det til at det var Torgaren som laga de, og det hadde seg slik: Han var med god grunn blitt lei av det dårlige landskapet på Bø og Nøss, og så fann han ut at han ville bygge hamn på den plas­sen de i dag nemner som «mella Øren'». Han tok til å bygge ei moloarm frå kver sida, men til det måtte han ha ein grøde med stein. Så han fekk kjerringa til å hjelpe seg. Ho fór oppi hamrane og røska laus stein som ho sette av eller berre heiv ned, og han stod nedpå undlenda og tok lyr. Men så kom ho til å rive laus eit stykkje som var altfor stort. Enda Torgaren var sterk og tok duvelig i - berre så han laga groper i steinen - var det så vidt han fekk berget stansa. Men moloarmane kom aldri til å bli bygd ferdig; de står der som Bø-øyra og Nøss-øyra den dag i dag.

Andre fortel dette litt annsleis: Det var så at Torgaren såg seg formøtt på at han ikkje fekk gå tørrskodd over til Langnes på vestersida av Gavlfjorden - eller det var til Klo, litt lengre sør. Så ein dag gjekk han i gang med å bygge ein steinrygg over fjorden til det bruk; det var Nøssøyra. Men han glømte seg så av at sola kom på han, og han sprakk i tusen betar der utpå øyrenden. Men det siste bergstykkjet han rakk å lempe i havet, det blei til skjæret Nøsskråka. Résekjerringa, som gjekk oppi fjellet og venta på at kallen skulle komme heim, blei og til stein. Du ser ho ennu mot himmelen mellom hamrane høgt oppi Strandfjellet.

*) Før sa de helst Torgersteinen, men også «Torgårsteinen». Opphavet er helst mannsnamnet Torgeirr. - I And-Ungen, julehefte og årsskrift 1922/32 for Andøy Ungdomsfylking -31 har Rasmus Pedersen ein kortare utgave av sagnet: «Torgerkallen skulde legge eit gjerde mellom Bø og Nøss som skulde rekke frå fjell til fjæra. Han Torger skulde være nedmed stranda og ta imot og legge opp etter kvart som steinen kom sendande ned frå fjellet. Den første steinen skulde Torger sjøl ta imot og legge til rettes. Men steinen var stor og Torger var sterk, og då han tok i steinen for å flytte på han, sette han fingrane inn igjennom som det var ein deigklump han tok i. Fingermerka fins i steinen den dag i dag» Øyra: På Bø er uttalen i dag alltid Øra, mens det på Nøss skiftar mellom Øyra og Øra.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/13