Torgaren vil bygge hamn
Bø og Nøss har ein skjærgård som du verkelig skal leite lenge etter; men både på Bø og synnafor Nøss stikk det ei svær øy ut i havet. Desse er minne om istida, og blir frå gammelt kalla Bø-øyra og Nøss-øyra. Sagnet vil ha det til at det var Torgaren som laga de, og det hadde seg slik: Han var med god grunn blitt lei av det dårlige landskapet på Bø og Nøss, og så fann han ut at han ville bygge hamn på den plassen de i dag nemner som ”mella Øren´”. Han tok til å bygge ei moloarm frå kver sida, men til det måtte han ha ein grøde med stein. Så han fekk kjerringa til å hjelpe seg. Ho fór oppi hamrane og røska laus stein som ho sette av eller berre heiv ned, og han stod nedpå undlenda og tok lyr. Men så kom ho til å rive laus eit stykkje som var altfor stort. Endå Torgaren var sterk og tok duvelig i – berre så han laga groper i steinen – var det så vidt han fekk berget stansa. Men moloarmane kom aldri til å bygd ferdig; de står der som Bø-øyra og Nøss-øyra den dag i dag.