Autorisert Tradisjon om fisk og fiske

Seien kjem ikkje opp før i sol-lettinga, sa dei. - At fisken kjem 'i støytan', vil seie at fisket er ujamt. Om fuglen heiter det f.eks. at «han e i arling», det vil seie at han har oppdaga sild eller annan fisk.

Ein stad der fisken held seg heiter eit gjedd-stø, ei augors-stø og ein seigrunn (sjeldnare sei-stø).

Til å jage opp sei som sit i botn har gjerne vo-re brukt spannlokk eller eitkvart anna blankt el­ler kvitt.

Når dei lokka troll (akkar), hadde dei ei trøe med ein blank ting eller ei kvit fille på, og ei trøe med krok i hi. Akkarfiske med lys gjekk føre seg med ei løkt på småbåtripa.

Små-augor vart kalla «klokkar», mens «breikjeft» var eit vanleg namn på marulk.

Skjel som agn vart brukt når dei fiska torsk, augor og steinbit. Etter steinbiten brukte dei ku(fisk)skjel og olbogskjel: Kufiskskjel stakk dei på botnen med skjeltrøa, som hadde pik i enden. Når det er solskin om sommaren, gapar skjela, og då stakk dei med piken i gapet på ho, opptil 3-4 i gongen. Skjeltrøa hadde l pik, mot flyndrepiken som har 2. Pikane er gangvadonglar som dei rettar ut; agnhaldet lar dei stå. Nokre brukte flyndrelodd med pikar på enden - f.eks. ein jarstein - på djupare vatn.

Flyndra er skeiv i kjeften av di at ho eingong herma etter jomfru Maria. Så vart ho då også kalla «skeivkjefta» (det same kveita, med kvart).

Dei brente kveiteauget for å få kveit-løkk', mens andre bar kveit'hjerta i lomma for det same. - Kveitevaden heitte alltid gangvad.

Husen eller kveit'husen var hauvpartiet på kveita, liksom feittet i augors-hauvet vart kalla husen. (Omtrent det same som heilen).

Ingen takka for agn - dei fór heller på myt med det (omtrent som når kvinnfolka får «avleggarar» hos kvarandre).

At agnet smikka godt i havet når dei sette va­den, det var eit godt merke.

Fisk med kulnase blir kalla «konge», enten det er tosk eller sei.

«Ho pusi» er brosma, når dei kan drage seg ei. Ho liknar ei katte i auga på den måten at ho er noko brei og rund. - Av hauvkjøttet på bros­ma, og levra, laga dei før ein matrett dei kalla brosm'jabb.

Øyrbein av fisk brukte dei til spåmann: Det var eit godt merke når kuven (rundingen) på spåmannen snudde opp, men derimot berre skit når han datt og vart liggande med kuven ned.

At han Jakob - skarven - var med dei (flaug same veg som båten) var likeins eit godt merke, men det varsla u-tur at han møtte dei.

Så sa dei om ørna: «Der set nu ei kleks' - trur du ho venta ei god slog'!»

Hest-sko gav god tur, det var brukt i både båt og bu.

At eit kvinnfolk skreva over nota, det følgte det berre uhyr' med; det same når nokon jaga sauene over nota på trollskap. Likeins var svinbust ein pest - «vi e busta rein» - og dei sa når dei ingenting fekk på ein stad: «Her må ha vor' søkkt ned hunda'».

Dei skulle slett ikkje gjere båten for godt rein - ikkje spule alt fiskeblodet av han.

Si-tråd er ein lang, kvit tråd som kan komme ut gjennom gotbora på tosk og noko på skrei, om haustane. Det var då teikn på at dette var fisk på si(g), si-fesk.

Ein diger tosk blir kalla ei elv-kjerring, men bakgrunnen for namnet er dunkel. Iallfall mein­te dei at skreien gjekk etter ferskvatn i Lofoten når han skulle gyte.

Når dei fann stein og sand i utgoten skrei om vårane (skråpen), sa dei at «han tær inn barlast».

Når levra i fisken er grøn, seier dei at ho er gallsprengd.

«Du ska'kje trump mæ fesken», heitte det: Ville han ikkje komme opp, måtte du heller fi­re, for elles sleit han bunaden.

Bar dei fast i botnen, var det ei velkjend råd at dei skulle hive ut ein rustot spiker el.l. Ja, mange sa at det verka!

«Han mål' godt», sa dei når fisken levde i bå­ten, krylla seg i hop og retta sporden i veret: «Ja, d'e rett, du ska berre mål'». Då meinte dei han varsla kor mykje dei skulle få den dagen. Eller som dei også sa, når dei stod og nekte: «Han var så blodlevande at han sku ha sprunge i augan på oss!»

Når dei fann sil (tobis) i fisken i gamle dagar, hendte det at dei brukte det til sei-agn. Også tar'gjedd kan ha sil i seg.

Før hadde dei berre hjellar med råvedstenger, ingen hesjer. Då brukte dei ei sula (heng-sula) påspikra eit skrått tverrband og 2 -2½ m lang, til å henge (opp) råskjerdt og sperra fisk. Til sperr'garn brukte dei før slarv-endar som dei skar av anna tau, til dels forsen, seinare også manilla og sisal; sistpå kom gummistrekk i bruk.

Litt meir om ver og tid

Avstjerninga vil seie grålysinga, når du ikkje lenger kan sjå stjernene.

Sol-lettinga eller sol-ovringa er solopp­gangen: «Vi ska' nu ligg' te sola letta». I stadnamna blir oppstode-tida kalla rismål (ressmål).

'Ein sko sny' er eit fast gammalt uttrykk: Det kan altfor ofte vere ein sko sny enda 3. mai. «Sommarmål», det er 14. april. Då slutta vin­terfisket. Leigekarar og halvlottesmenner var festa til då, men då var dei fri.

Når røyken stig rett til vers, er det ein gam­mal seiemåte: «Jau, i dag då e ho gamla blid».

Men at gutungane plystra, det var det mange som ikkje likte: «Stå nu'kje der, dinn plysterskit!» Det heitte seg at dei 'plystra vind'.

Å drømme hestar, det varsla storm.

Verlys i mastertoppen er eit kjent fenomen under uver, og enkelte tok varsel av det.

Ei knapp lita rosse blir kalla ei eiter-ross'', mens rokkgard er når han bløs sjy opp i lukta så rokket står omtrent som snykava'.

Store flak med skletta vart kalla brei-sklett' eller lapp-sklett'. Regntjuka heiter gjerne dam (regn-dam), liksom det kan heite kov-dam eller kov-mur.

Andre skikkar og merke

Soldagen, det var første januardagen dei såg nysola - enkelte stader i bygda gjekk det lengre tid før ho nådde ned til husa. Då heldt dei sal­meboka attom ryggen, ja kanskje dei snudde seg rundt tre gongar og, og så slo dei opp boka mens dei såg på sola: Deretter gløtta dei i boka for å sjå kva salme dei hadde treft (dei måtte ikkje sjå på sola før dei slo opp boka). Var det då ein salme for begravelse dei hadde slått opp, kunne dei snart vente gravferd; eit betre varsel var det om dei hadde slått opp på bryllup.

Når gauken gel i svartskog blir det uår, det er eit gammalt merke som eigentleg ikkje er særleg «mystisk».

Når dei baka - det var gjerne om hausten - måtte flatbrødet vere høgst på midten, det skul­le ikkje søkke ned der. Dette var eit varsel om korleis fisket skulle bli.

Julskòka i gamle dagar, det var at ung­dommen for rundt på tollesmess-dagen (litljul-aftan) og prøvde å komme til å piske folk mens dei låg i senga og sov. Men det var ofte godt nok å legge ei svei' i senga åt dei, så mykje dei såg at dei hadde vore der. Nyårsskoka var like eins. - Heilt utdøydd er skikken ikkje, men no er det ofte berre snakk om å komme inn i huset og kanskje gjere litt 'larv'.

Enkelte kunne konsten å sette fast eller bitte (binde) tjuven, når han prøvde forgripe seg på andre sine saker. Så stod han der, heilt til dei kom og løyste han: «Nu kan du gå, din stak­kar!» Det heitte seg og at dei skulle ikkje snak­ke hardt til tjuven då.

Når ramnar klospentest over eit hus, varsla det skilsmisse, sa dei (i den tida meinte dei då helst på grunn av dødsfall).


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Varsel

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1987
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2009/02/24