Autorisert Trollfølgjet på Høgmyra

Det var ein julaften at ein mann skulle gå over Myra til Skålbrekka. Midt på Myra får han sjå eit lys framfor seg. Dette undra han seg over, for Kleiva skulle komme i vegen, så han ikkje kunne sjå lys på Skålbrekka. Best som han går, kom det ei kald vindrossa frå sida, og han vart kasta av skiene. Han kom seg på skiene igjen og går vidare. Men då var skiene blitt så tunge at han mest ikkje vann røre dei. Det var då rart, tenkte mannen. Då kom det rullande to svarte tynner mot han og fauk forbi. Og ut or tynnene myldra det av små rare skapningar - ein heil hær med småtroll, tenkte han. Og trollfølgjet hadde han i hælane på seg til han såg lysa på Skålbrekka. Då kvarv dei bort like trolske som dei var komne.

Etter Edv. Ruud i "Håløygminne" 1932.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Rolv Straume/ Bø bygdebok, bind III, 1964
Opphavsrett:
Bø kommune
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/10