Trollkjerringtjøna
Åsen, som gården Åse vel har namn av, er 190 m høg. Oppå denne åsen skal det før ha bodd folk; folk omtalar både ei «Greta på Åsen» og ein «Benjamen på Åsen», den siste er identisk med bjørneskyttaren Benjamin Ingebrigtsen. - Men det var eit gammelt sagn:
På «Åse-åsen», som det heiter til kverdags, er eller var det ei lita tjøn med namn Trollkjerringtjøna. Ho gamle Inger Kristensde kunne fortelle, at oppmed denne tjøna hadde «trollkjerringane» - heksene altså - hatt altergang. Ho hadde sjøl gått om Åsen på nordsida ein gong og hørt at de ringte med kjerkeklokker.
Men så ein dag - eg gjekk då i mitt 28. år - var eg ein dag oppå Åsen og leita bær. Då fann eg på at eg skulle gå å leite; og den litje tjøna eller sumpa fann eg. Men kan du skjønne: det med kjerka og knefallet og altergangen som eg har hørt om - det var alt i hopen berre skrøn (Regine Hansen, Rundholen).