Autorisert Trollplassar og trollhol

Namn på Troll- har Andøya mange av: Trolldalen finst både innom Stave og Haugnes og Breivika - likeins er det ein nordom Bjørnskinn og ein på sørsida av Forfjorden. Den siste er berre ei djup hola å kalle, oppi fjellet kring Trolldalsbekken. Han ligg så mykje unna sola at der blir noke skjømt og trolsk, og det same gjeld mykje godt for de andre Trolldalane og.

Det er uvisst kor mange av desse plassane det verkelig har vore knytt fortellingar til, om troll. Like snautt er det med tradisjon om Trollvatnet innmed Blåberget på Sør-Anda og om Trollvatnet på Sellevoll. Det ser ikkje ut til å vere tradisjon om Trollhammaren på sørsida av Torddalsvatnet heller.

Oftast er det vel berre tale om plassar der det var kuslig - buande eller verande berre for troll, ja beintfram fortrolla kan hende? - eller iallfall lite framkommande for folk. Såleis iallfall med det fine fiske­vatnet Trollvatnet imella Buksnesfjorden og Forfjorden: Det var lett nok å følgje Reinvegen opp dit på framsida, men på attersida var uførot.

Folket og ferdselen skal og ha gitt namn til Trollbekken på Stor-Sandnes og til Trollbekkan sørom Bø. Trollålen eller Trollåen', som er ei grunn lita bukt eller køyta i fjæra på Bø, har visst derimot berre namn av trollkjøa.

Trollrapa i Nordgårdsfjellet på Bø var utrygg for skreda - trulig også Trollia på Anes.

Ferdsel på sjøen førte og til at tilsvarande namn kom opp. Såleis har visst både Trollbøen og Trollflesa på Haugnes og Trollskjeret på Stave vist seg å vere «noke trollot» av seg, framigjønna tida.

Men det blir stående igjen enkelte namn som trulig har med resar og gjurer å gjere, meir rett fram. Her kan vi nemne Trollhågen, det er både på Bleik og sørom Prestholmen på Andenes, og likeins Trollhågan under fjellet nær Lastranda på Åknes. - Trollbergan att-i Hammarøya i Risøyhamn er visstnok eit mykje yngre namn.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/14