Trondenes-kjerka
Då presten på Trones skulle ha seg ei kjerka bygd ein gong langt att i tida, så spurde han fleire: Til slutt var han åt hos ein byggmeister som lovde kjerka ferdig på tre dagar. Ho skulle vere av stein, var meininga, og steinen skulle byggmeisteren sjølv bryte i Arnipa på Anda og føre fram. Og slik blei det.
Byggmeisteren var dverg, så han tålte ikkje sola. Og ein morra han kom ned til Andfjorden kjørande med eit steinlass, kom dagen på han. Hesten sokk ner-i, og lasset det blei ståande. Det er Skottberget på Dverberg1. Men byggmeisteren sjølv kom seg unna og fór til Trones. Der gav han seg til å føre opp kjerka. Det var ikkje meir enn tida å vegen, når han berre hadde tre dagar å gjere på. - Men i Arnipa hengte han etter seg ei sølvkanna, for steinen han hadde tatt.
Presten sjølv, han visste mindre kor han skulle bere seg åt mess kjerkebygget voks, for han hadde lovd byggmeisteren sola og månen i lønn - så sant kjerka stod ferdig i rett tid. Men ein dag presten gjekk der og trødde på imeste foten, fekk han høre at det song neri ei tuva:
Sulle lulle liten kind,
i måra kjem han Steinfinn Åne,
far dinn,
med sol og med måne
åt bånet.
Det var i siste liten, for byggmeisteren hadde nettopp tatt til å feste spira. Då ropa presten: «Du Åne, spira står ikkje heilt rett!» Då ramla han Åne ned og blei til stein, for han tålte ikkje å høre det rette namnet sitt oppdaga.2
1 Namnet har ofte vore uttalt og til dels også skrive som Tverberg (berre om gården, ikkje sokna), såleis i «Nordlands Trompet». Men ettersom Tverberg
liksom Dverberg har aksent l, har det likevel helst heitt *Dvergaberg frå først av. Etter Aa. har visse målføre tverg i staden for dverg, og på samisk heiter
Dverberg Dærka.
2 Mannsnamnet Åne blir både i sullen og i andre høve uttalt med alveolar (ikkje-palatal) n, så ein kan mest av alt bli mint om dvergnamnet An i Voluspå.