Utburd
Ein gong han Hans Dannelsa gjekk frå Rundhólen og til Nordmela, hørte han der gråt eit ban oppmed Storhólen. Han gjorde då som han hadde lært i slike tilfelle, og døpte det banet han ikkje såg, med dessan ordan:
Eg døper deg på ei von
til Gjertrud eller Jon
i Faderens og Sønnens
og Den Hellig-Ånds namn.
Etter det hørte han ikkje meir til bangråten.
Ho Pauline fortalte om ein gong ho gjekk frå Nøss til Bø eit ærend. Ho hørte då eit ban som gråt, nedmed ein høylade som han Anton Anfinsa hadde der. Ho gjekk bort-åt for å sjå ken det var og ka som stod på, men ho hverken såg eller hørte noke. Etter at ho hadde gått to gongar rundt laden uten å finne noka forklaring, gjekk ho berre vidare til Bø. Men ingen skulle få ho til å tru at det var noke anna enn bangråt ho hadde hørt. - Det saest elles at det ofte var pusling og uro i den laden. Han blei flytta eit stykkje bort seinare, og sidan den tid merka ikkje folk at der var ufred av noke slag.
På nordsida av Villingsholmen er det eit steinot lite nes, eller eit berg: Det er sørom Kvalshausen i Buksnesfjorden, nedafor Ramnflogan på lag. Det er nokså blautt i tjukkskogen oppføre neset, og det var ei tjønn der før. Det gjekk som eit sagn om at det ikkje var heilt trygt på den plassen - eit skrik eller ka det var. Men helst var det vel berre rev de hadde hørt, for han har nu så mange slags mål. Neset blir kalla Villku-eller Villkurneset.