Vern i fjøsen
Det var ein vår at ho Elen Jensa på Bleik var så syndig søkt i fjøsen, - av at lamman sprakk og ka det vel var alt i hop. Så var det ein dag ho var der og stella kretturan, og var så fortura, at ho sa då ho var ferdig og skulle gå: «Ja, nu må Vårherre være i fjøsen!» - Då syntest ho granngivelig at det svara: «Vi skal så være».