Autorisert Vettmålsskjeret og Utflesa som kapprorsskjer

  Autorisert

Norde Utflesøya. Foto: Finn Myrvang.

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

Fiskarane brukte ofte å ligge innom Vettmålsskjeret og sjå i veret, om han skulle lette såpass at dei kunne stikke utføre og drage bruket. Og når dei hadde gjort ifrå seg med Utflesa - drege og sett det dei skulle - så sette dei seg til å ro til dei kom pund Vettmålsskjeret. Dei fekk oftast ikkje mykje «slag» i innlig vind (synna eller norda) før dei kom innføre Vettmålsskjeret. Men derifrå og opp kunne dei krysse, som regel, så der vatt dei: «Nu e vi i vettmål», heitte det. Det har eg manggong vore med sjølv.

Hellest var det ein uskikk som «utflesingan» var utropa for, med kapproing både ut og opp. Dei ville vere sværast alle. Det var ein nedarva skikk, den tid det rodde opptil 10 fembøringar med Kleppelva og Gimstad. Dei kledde av seg like til skjorta for å vere lette: Du skulle ro om kvar einaste båt - så var det å sette i og rope hurra, alt med du kjente kvitt for livet. Eg veit dei kom på land i Svinøyan med skjortene pund arma og var så avpiska at dei gjekk på loftet og la seg i koiene.

Reinholdt Ingebrigtsen, Kleppelva

 


Denne artikkelen handler om

Humoristisk fortelling

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/02/26