Anders i Bøle
Sagn
Sagnet seier at han Anders budde på Bøleklubben. På nordsida av klubben hadde han lendinga si, og der heiter det endå Lendinga. Han hadde tre søner, og saman med dei dreiv han fiske. Og det var gut som kunne fiske. Om det så var svart hav for alle hine, så kom han Anders støtt på land med lasta båt. Han hadde funne ein fiskeplass i Hølla, og der var det alltid tjukt med fisk. Men denne fiskeplassen ville han ha for seg sjøl. Kom nokon etter han dit, så rodde han straks derifrå. Ein gong det var snøtjukke, kom ein båt brått på han med' han fiska som best på denne fiskeplassen. Då tok han seg ikkje tid til å dra opp juksa, men rodde på spreng der ifrå med juksa etter seg og ei stor longe på kroken.
Dei kalla han også Anders på Skallen, fordi han støtt låg på fiske på Skallen. Ein gong han var på Skallen, ottast han floing. Dei hadde fiska lenge, og Anders var utvakt og trøytt. Nå ville han blunde litt i skotten. Han sa då til gutane at dei skulle vekke han straks dei såg første skyfloken i sør. Men dei vekte han så seint at kulingen kom på dei, og dei fekk eit hardt seglan før dei nådde land.
Noko frå Helmer Andreassen, Søberg, og noko frå "Sl."
| Tittel | Lagt inn av | ![]() |
Dato |
|---|