Blåheia
Sagn
Høgste toppen av Myklandsfjellet kallar dei Blåheia. Dette namnet har samanheng med dette sagnet.
Den tid risene budde i fjell og tind, var det her ein ung rise på vel tusen år. Han hadde i eit par hundre år hatt eit godt auge til ei ung risemøy på same alder. Ho budde på Hinnøya.
Men det var det leie at risen hadde berre ein stav, og den gongen var det høgste mote at ein skulle ha ein stav i kvar hand. Etter mykje bråk brekte han av ein spiss, høg fjelltind, og så tok han i veg. Då han kom innfør Stavhølla, vart han så tung og rar bak. Han snudde seg for å sjå kva det kunne vere. Med same rann sola stor og rund framon Tindstinden. Det var den gylne solglansen han ikkje tålte. Han seig attover og vart til stein. Stortåa rokk lengst ut mot nordvest, og ho heiter den dag i dag Tåa. Stavane til risen står, den eine rett sørvest for Stavhølla og den andre rett opp av Malnesfjordedn. - der han sette siste stavtaket. Høgst oppe på Hesthausfjellet er det ei nut dei kallar Trollet, det er nasetippen til risen. Men den blå strikka topphuva, ho skvatt på Myklandsfjellet og heiter blåheia.
Det gjekk ikkje likare med risemøya borte på Hinnøya. Elskhugsfull stirra ho etter sin friar-rise til sola rann over Andøyfjella, og ho vart til stein - og fekk namnet Møysalen.
Etter Marius Dahl.
| Tittel | Lagt inn av | ![]() |
Dato |
|---|