Dei underjordiske 1
Sagn
På Svinøya var der ein gong ei vekje som kom ut for dei underjordiske. Det var ein dag ho for og stulla for seg sjøl opp i haugane ovanom husa. Då veit ho ikkje av før det står slik ein stram unkar i blåe klea framfor henne. Det var nå lite nifst syntes ho med det same, for det var nett som han var skoten opp av jorda. Men han var både gibben (gild) og gjæv og ga seg i prat med henne. Ho spurte då kor han var frå. Jau, han var her i frå, sa han og peika mot ei lita bukt ned i mellom haugane (Nølvika). Og då såg ho ein bråte med store fine hus, så det såg mest ut som ein liten by; stue og stabbur og fjøs og sjøhus, og på vågen låg det fullt av farty og båtar. Men det er noko som gud og kvar mann veit, at det har aldri stae så mykje som ei skjåskykkja, og då skjønte ho med ein gong ka slag kar det var. Men han dreiv på og la ut for henne: - Alt dette som du ser her, er mitt, og vil du bli kona mi, skal det bli ditt. Nei, det ville ho ikkje. Men då vart han arg: - Det skal du få angre, sa han, du kan gifte deg kor mange gonger du vil med andre, men du skal få stå og sjå på at alle mennene dine druknar. Og borte var både han og alt som hans var.
Men det gjekk som han hadde sagt. Ho vart gift 3 gonger, og alle mennene hennar sette til tett utfor land, med ho sto på voren og så på, men veret og sjøen var så fæle at ingen kunne gi dei noko hjelp.
Birger Martinussen i "Målet i Bø".
| Tittel | Lagt inn av | ![]() |
Dato |
|---|