Autorisert Gullholmen Sagn

Søraust for Andsletten ligg ein holme dei kallar Gullholmen. Sagnet seier at namnet har han fått fordi det skal vere gravd ned ein gullskatt der.

På 1500-tallet var det to grannar på Andsletten. Den eine hadde lagt merke til at det brann eit blått lys ein stad på holmen. Det var serleg etter langvarig regnver at han om haustkveldane såg dette lyset. Alle rodde ein stor omveg utanom holmen når dei skulle ut eller inn fjorden.

Men den eine av grannane på Andsletten trudde ikkje på troll og riser. Ein torsdagskveld hadde han atter sett det blå lyset på Gullholmen, og fredagskvelden slengte han hakke og spade i kjeksen og drog utover. Det var fullmåne, stjerneklårt og flammande nordlys då han i dei seine nattetimar rodde ut til homen. Han tok til å grave der han meinte å ha sett lyset. Etter en stund kom han ned på ein bronsekjel full av gull og sølv. - Same hausten tok han med seg heile huslyden på hauststemna til Bergen. Han kom ikkje nordover igjen.

Ein av seglingskarane på jekta han for med, skal ha fortalt at han fekk eit glimt av kostbarhetene ein gong han uventa kom over mannen nede i lasterommet. Han hadde plassert kjelen i ei stor jarnbeslått kiste.

Etter Marius Dahl.


Innhold knyttet til dette emnet
Tittel Lagt inn av Autorisert Dato

Kart

Relasjoner

har

Om innholdet

Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/16